Kort


Norsk Ordbok er ute med band 11

Band 11 av Norsk Ordbok 2014 er komme. Bandet dekkjer alfabetbolken frå og med ordet stø og ut bokstaven t. Her finn vi t.d. trønderbart, trønderrock, trøndersodd og trondheimssuppe.

Mellom dei 25 største artiklane i bandet er det mest verb, deretter adjektiv og substantiv, og dessutan ein preposisjon (til) og eitt adverb (). Verbet taka tek mest plass, men denne ordartikkelen inneheld over 80 underartiklar for ordsamband, mange av dei svært vanlege, t.d. taka for seg, taka i, taka igjen, taka over og taka seg til rettes.

Norsk Ordbok dokumenterer ordtilfanget i dei norske dialektane og det nynorske skriftspråket. Artiklane dekkjer både ordtyding, ordhistorie, dialektformer og eksempel på bruk i litteraturen og i norsk talemål.

Nettutgåva av Norsk Ordbok er tilgjengeleg på www.no2014.uio.no.


Spansk språkakademi 300 år

spanske ordDet kongelege spanske språkakademiet Real Academia Española har jubileum i år. Ein augustdag i 1713 sette elleve språkinteresserte spanjolar seg saman for å byrje på arbeidet med ei spanskspråkleg ordbok. Idealet var franskmenne sitt Académie française, og spanjolane ville ikkje vere snauare. Etter 26 år med nybrotsarbeid hadde akademiet gjeve ut eit ordboksverk på heile seks bind. I dag har det spanske akademiet saman med 21 søsterakademi i andre spanskspråklege land ansvaret mellom anna for å normere det spanske språket kastiljansk. Dei gjev framleis ut ordbøker.


Bruk Språknytt på nett!

Språknytt på nett

Husk at du også finner Språknytt på Språkrådets nettsted: www.språkrådet.no/spraknytt

 

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:05.12.2013 | Oppdatert:23.04.2015