Mykje nedbør og mange namn

Vi kjenner oss tiltrekte av rennande vatn, det gjeld både store og små. Instinktet fortel oss at vatn er viktig, det gjer oss nyfikne: Kor kjem vatnet ifrå, kor blir det av? Rennande vatn lokkar barn til leik mens råderetten over tilgang på vatn fører til ufred i delar av verda der regn er mangelvare.

I vårt land skortar det normalt ikkje på vatn, og talet på stadnamn som vitnar om nedbøren er stort. I alle fall har Nordland, for å seie det folkeleg, eit lustusen av bekkenes, elvenes, forsnes, osnes, tjønnes, vassnes og ånes, så vel som elvelier, forslier, oslier og vasslier. Vi kan også nemne elvebakke og åbakke, forsbakke, osbakke, tjønnbakke og vassbakke, då heilt på line med bekk(j)ehaug, elvehaug, forshaug, oshaug og vasshaug, alle variantane på -håg medrekna. Ein og annan vassås har vi òg, mens forsås og tjønnås er langt sjeldnare namnelagingar.

Orda elv og bekk er dei vanlege i talemålet og dominerer i stadnamna med. Men der er framleis også -åa eller -åga utbreidd, eit ord som er gammalt og svarar til eau i fransk og aqua i latin. I finsk opptrer det som lånord i elvenamn på -ava. Svært alderdommeleg og likevel nokså gjengs er òg løk (variant løyk), brukt om små og stiltrennande bekkar. Sjeldnare er log (lau, laug).

Ordet elv er førsteledd (utmerking) i ei rekke samansetjingar, og likeins finn vi det samansette ånes mange stader. Interessant er det også at åbakke ”står han av” ved sida av elvebakke i stadnamn, mens bekk(e)bakke er sjeldan vare. På hi sida kan vi undre oss litt over at det finst temmeleg mange bekke- og elvehaugar og ditto -lier mens samansettingar som *åli og *åhaug er fråverande.

Han såg ut på det bårute havet, nordmannen, men namnebruken fortel oss at han var minst like fortruleg med alt ferskvatnet. Ordlagingar som bekkenes, elvenes, forsnes, osnes, tjønnes og ånes finst nærsagt i alle manns eige. Parallelt går bekk(e)li, elveli, forsli, osli og vassli. Vi oppdagar også bekk(je)haug, elvehaug, forshaug, oshaug og vasshaug (ordet vasshauv er strengt tatt noko anna, sjølv om skiljet er uskarpt i praksis).

Oppramsing av ord er lite spennande i seg sjølv, men kunnskap om faktisk bruk av ord og namn er like fullt nyttig for folk som planlegg nye namn for byggjefelt og liknande. Det gjeld også for dei som er berarar av særs vanlege familienamn på -sen og har tenkt å ta i bruk noko anna. Som vi var inne på, nordmenn har hatt eit auge for nedbør og vasssamlingar og treng ikkje gå over bekk eller vatn på leiting etter emne til nye namn.


Finn Myrvang


Publisert: 2008

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:10.06.2008 | Oppdatert:14.01.2021