Utfyllande reglar om skrivemåten av norske stadnamn

Desse reglane er ei utfylling til § 3 «Særleg om norske stadnamn» i forskrift om stadnamn, vedteken 23. mai 2017.

Føremålet med reglane er å sikre at lov- og forskriftstolkingar blir gjorde forsvarleg, og vise korleis krava i forskrifta kan oppfyllast. Reglane er ikkje uttømmande, og det vil i mange saker vere lokale forhold som må vurderast og vektleggjast.

1 Grunnleggjande omgrep

Dei sentrale passasjane som gjeld skrivemåten av norske stadnamn i lov om stadnamn og den gjeldande forskrifta, er desse:

Lova § 1 første ledd:

Formålet med denne lova er å ta vare på stadnamn som språklege kulturminne, gi dei ei skriftform som er praktisk, og som ikkje skyggjer for meiningsinnhaldet i namnet, og medverke til kjennskap til og aktiv bruk av namna.

§ 4 første ledd:

Dersom ikkje anna er fastsett i denne lova, skal det ved fastsetjing av skrivemåte av stadnamn takast utgangspunkt i den nedervde lokale uttalen. Skrivemåten skal følgje gjeldande rettskrivingsprinsipp for norsk og samisk.

Forskrifta § 1:

Stadnamn som inneheld allment kjende ord eller namneledd, skal skrivast i samsvar med gjeldande rettskriving, når ikkje anna følgjer av reglane nedanfor.

Stadnamn som inneheld utdøydde eller uklare språkelement, skal skrivast i samsvar med gjeldande rettskrivingsprinsipp.

Har skrivemåten vore lenge i bruk og er vel kjend og innarbeidd, kan ein fråvike gjeldande rettskriving og rettskrivingsprinsipp.

§ 3 første ledd:

Skrivemåten av norske stadnamn skal følgje den rettskrivingsforma eller regionale samleforma som passar best med den nedervde lokale uttalen. Lokale dialektformer kan veljast når særlege grunnar talar for det.

Dei omgrepa som kan trenge forklaring eller kommentar, er kursiverte. Dei blir kommenterte i den rekkefølgja dei opptrer i lov- og forskriftsitata ovanfor.

Ei skriftform som er praktisk, må innebere at skriftforma er føreseieleg og følgjer vanlege ortografiske reglar i norsk, slik at brukaren lett kan slutte frå skriftforma til ein akseptert uttale, og helst òg den motsette vegen. Nedanfor står det meir om dette under termen «gjeldande rettskrivingsprinsipp».

Ei skriftform som ikkje skyggjer for meiningsinnhaldet i namnet, vil seie at namnet ikkje berre skal vere lett å skrive og uttale, men òg lett å skjøne. I ein del tilfelle vil det vere vanskeleg å praktisere dette prinsippet med tanke på at svært mange stadnamn er nedervde frå tidlegare språksteg og vanskelege, ein del gonger umoglege, å tolke også for spesialistar på eldre norsk språk (gammalnorsk, urnordisk). Dette prinsippet gjeld derfor først og fremst namn der det ut frå uttalen og eksisterande eldre skriftformer ikkje kan vere tvil om tolkinga. Forskrifta § 1 tar høgd for dette i avsnittet om stadnamn som inneheld utdøydde eller uklare språkelement. Der eit stadnamn gjennom den nedervde lokale uttalen har fått ei ny tyding som står i strid med den som t.d. gammalnorske kjelder viser at namnet opphavleg må ha hatt, blir det eit skjønnsspørsmål om ein skal basere seg på den eldre eller den moderne tydinga. Den vanlegaste praksisen vil vere at ein byggjer på den tydinga folk knyter til namnet i dag.

Nedervd lokal uttale betyr etter høyringsnotat om revisjon av forskrifta § 3: «den uttalen som er munnleg og skriftleg overlevert frå tidlegare generasjonar, som har vore vanleg på staden, og som framleis er i levande bruk». Dette omgrepet står da i motsetnad til formvariantar som har kome inn utanfrå, enten gjennom dansk skrift i eldre tid, eller gjennom nylaga eller innførte former i nyare tid. Det er altså snakk om at tradisjonelle lokale uttalevariantar har førerang framfor nyare former som konkurrerer med desse. Det blir likevel presisert at «nedervd» inneber at formene må vere i levande bruk framleis; kan det ikkje påvisast at dei er i bruk sjølv om dei er tradisjonelle, må dei reknast som utdøydde. Ein må merke seg at lova og forskrifta tydeleg markerer at denne nedervde lokale uttalen skal vere eit utgangspunkt for skriftforma, han skal ikkje følgjast mekanisk. Det er gjennom dei gjeldande rettskrivingsprinsippa at den nedervde lokale uttalen skal normerast til ei skriftform.

Gjeldande rettskrivingsprinsipp er eit vidare omgrep enn gjeldande rettskriving (sjå nedanfor). Det finst mange ord i dialektane som ikkje blir nytta i skrift, og det kjem inn nye ord, ikkje minst ord frå andre språk. Norsk, liksom andre språk, har eit sett reglar eller konvensjonar for korleis enkeltlydar og kombinasjonar av enkeltlydar skal skrivast, og korleis unormerte ord skal skrivast i samsvar med (norsktilpassa) uttale. Det er dette vi kallar rettskrivingsprinsipp. I forskrifta § 1 er det snakk om «utdøydde eller uklare språkelement», som skal skrivast i samsvar med etablerte konvensjonar for skriftleg attgjeving av språklydar i norsk. Ein må tolke dette slik at den typen namn har ei nedervd lokal uttaleform, som skal liggje til grunn for den skrivemåten som blir valt. Men ein må ta høgd for at også i slike tilfelle skal innarbeidde og velkjende namneformer kunne bli ståande.

Gjeldande rettskriving er dei rettskrivingane for bokmål og nynorsk som er dei offisielt gjeldande. Her må ein merke seg at rettskrivingane endrar seg, siste gong for bokmål i 2005 og for nynorsk i 2012. Ein må tolke lova og forskrifta slik at etablerte stadnamn ikkje skal endre skrivemåte om det ordet som ligg til grunn for eit namn eller eit namneledd, får ny skrivemåte ved ei rettskrivingsendring. Denne tolkinga blir støtta av det siste leddet i forskrifta § 1, som gir den føringa for lov- og forskrifttolkinga at desse reglane primært skal gjelde i tilfelle der nye namn blir gitt, eller namn blir endra av andre grunnar enn reint språklege, mens namn med ei fast etablert og innarbeidd form skal halde på den forma dei har.

Ei rettskrivingsform er ei skriftform som er i samsvar med den gjeldande offisielle rettskrivinga i bokmål og/eller nynorsk.

Ei regional samleform er ei skriftform som ikkje er i samsvar med offisiell rettskriving, men som likevel ofte har ein skrifttradisjon i namnenormeringa , og som er basert på dialektformer som er i bruk over større område. Dei kan seiast å representere ulike, men nærskylde, lokale uttaleformer, t.d. håg(en) (rettskrivingsform: haug(en)), stugu eller stogo (rettskrivingsform: stua eller stova), tjenn eller tjønn (rettskrivingsformer: tjern eller tjørn). Ved å bruke regionale samleformer i stadnamn kan ein fremje meir talemålsnære former enn rettskrivinga gir høve til, utan å opne for ei uoversiktleg mengd lokale skriftformer.

Ei lokal dialektform er ei dialektform utan stor regional utbreiing, eller som det ikkje er vanleg å uttrykkje særskilt i skrift. Slike former kan grupperast inn under, og dermed representerast av, ei viss regional samleform eller rettskrivingsform, t.d. haugjen under haugen, hågjen under hågen, stuggu under stugu, tjøynn under tjønn.

Ein meir lydnær skrivemåte enn ei konvensjonell rettskrivingsform eller ei regional samleform kan òg reknast som lokal dialektform, t.d. uttaleforma kjønn for rettskrivingsforma tjørn og den regionale forma tjønn.  

Lokale dialektformer kan veljast når særlege grunnar talar for det, ifølgje forskrifta § 3. Ein særleg grunn kan vere at ei slik form allereie er så innarbeidd og vanleg nytta som stadnamn at eit skifte i skriftform vil føre til urimelege ulemper, eller at forma gir spesielle assosiasjonar som innbyggjarane i området ønskjer å ta vare på (eventuelt i motsetning til assosiasjonar som heftar ved alternative former). Sterke lokale ønske om ei viss namneform kan i seg sjølv telje som ein særleg grunn. Men vurderinga av kva som skal reknast som legitime særlege grunnar, vil nødvendigvis byggje på skjønn, særleg der det er sterk lokal usemje om synet på slike former. Det er likevel ein føresetnad at dette skjønnet må vere relativt strengt, og at det vanlege skal vere at stadnamn byggjer på rettskrivingsformer eller regionale samleformer.

Lokale former kan nyttast meir i førsteleddet enn i sisteleddet i samansette namn (t.d. Stylfjellet, men Fillstølen). Etter normeringstradisjonen er det vanleg å leggje sterkt avvikande dialektformer nær opp til uttalen (t.d. fjødd for fjell, kvæv for kvelv, høy for haug).

Hovudregelen er altså at ein skal velje den rettskrivingsforma eller den regionale samleforma som passar best med den nedervde lokale uttalen, men når særlege grunnar talar for det (som omtala ovanfor), kan ein velje ei lokal dialektform. Viktige prinsipp i denne samanhengen er konsekvens og einskap. Det vil seie at same ordet eller same målmerket som hovudregel blir skrive likt innanfor same dialektområdet/kommunen.

2 Kjønn, tal og form

Bruken av grammatisk kjønn, eintals- eller fleirtalsform, bunden eller ubunden form skal som hovudregel rette seg etter den nedervde lokale uttalen.

3 Ordformer

3.1

I ord der ein har val mellom diftong (stein, straum) og monoftong (sten, strøm) skal ein som hovudregel følgje dialektuttalen. Der monoftongeringa har gitt eit resultat som ikkje er i samsvar med vanleg rettskriving (stæn av stein, strô:m av straum), skal ein følgje rettskrivinga og som hovudregel nytte diftong.

3.2

I område med jamvektsformer kan rotvokalen og den trykklette vokalen i andrestavinga skrivast i samsvar med dialektuttalen (bråtan, hagan, stugu). Til dømes vil /hag:an/ og /ha:gan/ kunne skrivast Hagen (rettskrivingsform) eller Hagan (regional samleform).

Når særlege grunnar talar for det (jamfør 1), kan ein nytte skrivemåtar med dobbelt konsonant i samsvar med dialektuttale med kort rotvokal (t.d. håggån for /håg:ån/).

3.3

Konsonantsambanda sl, tl, ft, pt, fs, ps, mb og rs kan skrivast i samsvar med dialektuttalen (lisle/litle, tuft/tupt, ufs/ups, kamb, fors). Til dømes vil uttalen /tʉpt/ kunne skrivast slik: Tuft (rettskrivingsform) eller Tupt (regional samleform).

3.4

I område med uttalen b, d, g for p, t, k kan b, d, g nyttast (djub, flad, vig). Til dømes vil uttalen /vi:g/ kunne skrivast Vik (rettskrivingsform) eller Vig (regional samleform).

3.5

I område med uttalen tjukk l av gammalnorsk skal til vanleg rd nyttast. Til dømes skal uttalen /ska:ɽ/ til vanleg skrivast Skard (rettskrivingsform), ikkje Skar (anna rettskrivingsform) eller Skal (lokal dialektform).

Uttalen med tjukk l  av gammalnorsk l skal elles skrivast med l.

3.6

I område med uttalen nn for rn kan skrivemåten nn nyttast. Uttalen /kjenn/kjønn/ vil kunne skrivast Tjern/Tjørn (rettskrivingsformer) eller Tjenn/Tjønn (regionale samleformer).

Når særlege grunnar talar for det (jamfør 1), kan skrivemåten dn for uttalen dn etter rn nyttast i samsvar med dialektuttalen.  

3.7

I område med uttalen kv for gammalnorsk hv skal til vanleg kv nyttast (Kvam, kvit).

I område med uttalen v for gammalnorsk hv skal til vanleg hv nyttast (Hvam, hvit).

I område med uttalen gv for gammalnorsk hv kan gv nyttast (Gvam, gvit).

3.8

Når dialektar som har bevart gammalnorske trekk som elles har falle bort i norsk, ligg til grunn, kan det visast i skrivemåten. Skrivemåten kan til dømes vere Li (gjeldande rettskrivingsform) eller Lid (tidlegare rettskrivingsform).

3.9

Når særlege grunnar talar for det (jamfør 1), kan òg lokale dialektformer som ikkje er nemnde ovanfor, nyttast.

3.10

For namn og namneledd med uklart opphav bør ein leggje skrivemåten nær opp til dialektuttalen (t.d. Sjong).

4 Bøyingsverk

4.1

Sterke hokjønnsord kan i bunden form eintal få desse endingane:

4.1.1 -a i samsvar med rettskrivinga og dialektuttalen.

4.1.2 -i når dialektuttalen er -i eller -ei, og når det er normeringstradisjon for å nytte -i.

4.1.3  -e, -o og -å i samsvar med dialektuttalen. Uttalen /liå/ kan såleis gje skrivemåten lia etter rettskrivinga eller liå etter dialektuttalen.

4.1.4 -en i bergensk. Døme: viken.

4.1.5 Når særlege grunnar talar for det, kan endingane -na, -ne, -ni, eller -no nyttast når dette samsvarar med dialektuttalen. Endar ordet i grunnform på k eller g, kan likeins -je, -jo eller - nyttast når særlege grunnar talar for det, og det samsvarar med dialekten.

4.2

Svake hokjønnsord kan i bunden form eintal få desse endingane:

4.2.1 -a i samsvar med rettskrivinga og dialektuttalen. Døme: hola, holoa.

4.2.2 -o og -å i samsvar med dialektuttalen. Døme: holo, holå.

4.2.3 -a, -u, -o, -å i jamvektsord i trøndsk og austlandsk i samsvar med dialektuttalen. Døme: stova/stua/stugua/stogo/stågå.

4.2.4 -en i bergensk. Døme: gaten.

4.3

I bunden form fleirtal kan artikkelen få ei eller to stavingar i samsvar med dialektuttalen. Ein kan nytte endingane -ane, -ene og -a i samsvar med rettskrivinga og dialektuttalen (t.d. bakkane, brekkene, fjella).

Ein kan elles nytte

4.3.1 -an(e) når dialektuttalen er -an(e), -ain(e), -æn(e), -æin [o.l.]. Døme: bakkan(e).

4.3.2 -en(e) når dialektuttalen er -en(e), -eine, -en(a) [o.l.]. Døme: bekken(e).

4.3.3 -in(e), on(e), -un(e) og -ån(e) i samsvar med dialektuttalen. Døme: myrin(e), lykkjun(e).

4.3.4 -a i samsvar med dialektuttalen. Døme: bakka.

4.3.5 Inkjekjønnsord som i bunden form fleirtal har samanfall med bunden form eintal av sterke hokjønnsord, får same ending som dei. Døme: fjella, fjelli, fjellå.

4.3.6 Når særlege grunnar talar for det (jamfør 1), kan skrivemåtane -adn(e), -edn(e), -idn(e), -udn(e) nyttast i samsvar med dialektuttalen.

5 Dativ

Namn som opphavleg var dativformer, bør halde på dativendinga. Det gjeld først og fremst dativ fleirtal, som kan få endinga -o, -om eller -um i samsvar med dialektuttalen. Døme: Geilo, Haugom, Sveum.

6 Samansette namn

Ein skil mellom faste og lause samansetningar. Faste samansetningar skriv ein i eitt ord, t.d. Storsteinen, medan lause samansetningar blir skrivne i to eller fleire ord, t.d. Den store steinen. Det er dialektuttalen som avgjer om ei samansetning er fast eller laus. Det vanlege i norsk namnelaging er fast samansetning og bunden form. I gate- og vegnamn er det likevel ein viss tradisjon for lause samansetningar, t.d. Camilla Colletts vei, Henrik Ibsens gate. Ein bør nytte den samansetjingsmåten som samsvarar med dialektuttalen. Døme: Kristiansandsfjorden, Oslofjorden, Viksfossen, Mulvikgarnet, Vikafjellet, Vikfjell, Vikefjell.

 

- - -

Vedtekne av styret i Språkrådet i juni 2018, godkjende av Kulturdepartementet i oktober 2018.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:22.10.2018 | Oppdatert:11.02.2021