Språkarbeid i offentleg forvaltning: Du treng ein plan

No image

(2.6.23) Språkarbeid i offentleg sektor er sjeldan plankekøyring. Maimu Berezkina leier språkarbeidet på helsenorge.no. Språkentusiasten har undra seg over at mange offentlege verksemder ter seg som om det er valfritt å følgje språklova, men no innser ho òg utfordringane. Den innsikta er første steg til ein god plan.

AV HEGE KAMBO GROV

Maimu Berezkina | Foto: Privat

Maimu Berezkina er innhaldsrådgjevar i Norsk helsenett, og i 2020 fekk ho ansvaret for å leie arbeidet med nynorsk, samisk og framandspråk på helsenorge.no. Då ho overtok ansvaret, fanst det ingen tydeleg plan, og det var ikkje noko budsjett knytt til språkarbeid på nettstaden. I dag ligg det føre ein detaljert plan med mål om å «tilfredsstille språkloven fullt ut, både for redaksjonelt innhold og for personlige tjenester». Og ikkje minst finst det eit budsjett.

– Vi er heldige, vi har ein tydeleg kurs frå leiinga, seier Berezkina. Likevel er det eit stykke att til helsenorge.no har nådd dei ambisiøse måla sine.

Alle som skriv norsk, skal kunne kommunisere med staten på sitt eige språk. Det er målet, og det bør vere standarden, men dessverre er det ikkje slik i dag. Per mars 2023 er berre fire av 24 tenester og 26 av 75 skjema på helsenorge.no tilgjengelege på både nynorsk og bokmål. Men det blir jobba med saka, det er i gang.

Kartet og terrenget

Nettstaden helsenorge.no blei etablert i 2011 av norske helsestyresmakter for å formidle informasjon til innbyggjarar og pasientar i Noreg. Nettstaden er eit resultat av samarbeid mellom mange helseaktørar i Noreg. Tekstane er skrivne av over femti ulike bidragsytarar, slik som Helsedirektoratet, Folkehelseinstituttet, Legemiddelverket, Helfo, Giftinformasjonen, Helsebiblioteket og fleire sjukehus.

– Somme, for eksempel Helfo og Giftinformasjonen, har heile informasjonsverksemda si på helsenorge.no; dei har ikkje eigne nettsider for privatpersonar. Andre, for eksempel Folkehelseinstituttet, eksponerer innhaldet dei sender til oss, på sine eigne nettsider også, forklarer Berezkina. Ho tenkjer at språklova ikkje tek høgd for denne modellen.

 – Kartet stemmer ikkje med terrenget. For kven har eigentleg ansvaret for dei 25 prosentane med tekstar på det minst brukte språket? Er det vi, som forvaltar heilskapen, eller er det dei einskilde samarbeidspartnarane?  

Dessutan er kravet om parallell bruk av nynorsk og bokmål i digitale tenester ei utfordring for nettstaden, sidan det er samarbeidspartnarane som bestiller og finansierer tenestene.

– Det er dyrare å utvikle tenestene for begge skriftspråka, og då har dei valt å bruke bokmål.

Tips til statlege verksemder som skal opprette eller utbetre digitale tenester
  1. Forankre språkinitiativet i leiinga i staden for å stole på den eine språkentusiasten, for kva når hen sluttar?
  2. Tenk på språkkrava frå byrjinga når de utviklar ei ny teneste eller innhald. Det er ofte vanskeleg å legge inn fleire språk når tenesta er ferdig.
  3. Ha nynorskkompetanse som kriterium når de tilset nye medarbeidarar. Statsorgan pliktar faktisk å sørge for at dei har den nødvendige skrivekompetansen for å kunne bruke bokmål og nynorsk etter språklova. Sjå språklova paragraf 16.
  4. Lag ein språkpolitikk og ein plan med konkrete mål, og ha ein plan for å følgje opp.
  5. Ha eit budsjett for språkarbeidet. Slik får arbeidet status og blir ein del av arbeidsplanane.

I 2018 laga helsenorge.no språklege retningslinjer om nynorsk, samisk og framandspråk. Samarbeidspartnarane kjenner til dei, men det er likevel ei stor utfordring å få storparten av dei med på laget.

– Det ser dessverre ut til at praktisk språkarbeid er altfor avhengig av eldsjeler på arbeidsplassen, meiner Berezkina.

Brenn for minoritetsspråk

Og når vi snakkar om eldsjeler: Maimu Berezkina er oppvaksen mellom Estland og St. Petersburg og hadde tidleg ei sterk interesse for språk. Ho hadde lyst til å studere eit skandinavisk språk, og då Berezkina var 16 og budde i St. Petersburg, var norsk det skandinaviske alternativet. Ho studerte norsk lingvistikk og kom etter kvart til Noreg og tok doktorgrad i sosiolingvistikk ved MultiLing, Senter for fleirspråklegheit ved Universitetet i Oslo.

Særleg brenn ho for minoritetsspråk.

– Eit språk er den djupaste identiteten for eit menneske, det ber i seg kultur, verdssyn, historie. Det er viktig å ikkje miste mangfaldet, viktig at vi ikkje blir så uniformerte.

– Nynorsk vert ikkje rekna som eit minoritetsspråk, men det er jo eigentleg det, seier ho og synest det er eit alvorleg problem at nynorsken må vike når innhaldsprodusentar må prioritere.

– Eit språk må brukast i det digitale, elles forsvinn det. Å vere synleg i det virtuelle lingvistiske landskapet er avgjerande, det seier mykje om statusen til eit språk. Er dette eit språk som kan brukast over alt? I så fall blir statusen høgare.

Valfritt?

Dei er fleire som jobbar med fleirspråklegheit i helsenorge.no-redaksjonen, og rolla deira blir ikkje alltid forstått, føler Berezkina.

– Det blir venta at vi som er «språkfolk», berre kan fikse det, dekke språklovskrava, medan vi prøver å seie at språkarbeidet må inn frå starten. Vi prøver å misjonere litt. Men det verkar nesten som om folk trur det er valfritt å følgje språklova, seier ho.

Sidan 1981, då mållova tok til å gjelde, har det vore eit lovkrav om minst 25 prosent av kvart skriftspråk i all publikumsretta, skriftleg informasjon frå sentrale statsorgan, og at alle statlege skjema og digitale tenester skal vere tilgjengelege på begge skriftspråk. Likevel er det svært få statlege organ som oppfyller desse krava.

Når eg som utanforståande såg på regelverket, hadde eg lenge vanskeleg for å forstå at det berre blei ignorert, seier Berezkina, som har skrive doktorgrad om fleirspråklegheit i offentlege tenester i Noreg og Estland.

Ho meiner at mykje handlar om at dei statlege verksemdene er sentrerte rundt Oslo.

– Dei fleste som jobbar der, er ikkje sjølve nynorskbrukarar. Mange har med seg om ikkje traume, så i alle fall ein sterk motstand mot nynorsk frå sidemålsopplæringa i skulen. Dei forstår ikkje kvifor det er viktig å ta vare på det nynorske språket.

– Og så er det jo ingenting som skjer om ein bryt lova, det er ingen bøter eller andre konsekvensar, slik det er når nokon ikkje oppfyller krava om universell utforming. Dei krava er mykje tydelegare forankra i lovverket.

Ikkje svart-kvitt

I rolla som språkansvarleg har språkforkjemparen fått ei meir nyansert forståing for kva mekanismar som spelar inn.

– I avhandlinga mi kritiserer eg dei som tek avgjerder, til dømes for at dei argumenterer med at plattforma deira ikkje støttar fleire språk, og at det er for dyrt å byte ut heile plattforma. Eg tenkte at ein ikkje kan bruke økonomiske argument når det gjeld eit språk. Men i den posisjonen eg er i no, ser eg at budsjettet er avgjerande, og at ein alltid må prioritere.

– Eg kan forstå at når du må velje mellom å omsetje til nynorsk eller til engelsk eller polsk, vel du engelsk eller polsk fordi du prioriterer samfunnsoppdraget, det å nå så mange som mogleg. Dei som bruker nynorsk, forstår jo bokmål også.

Ho ser også at mange ønsker å oppfylle språkkrava. Samarbeidspartnarar som har ein eller fleire nynorskbrukarar i redaksjonen sin, som Giftinformasjonen og Helfo, leverer nynorsktekstar til helsenorge.no.

Men mange av dei andre bidragsytarane manglar nynorskkompetanse. For å auke mengda med nynorsk tekst må helsenorge.no-redaksjonen få omsett ein del av tekstane dei får, til nynorsk. Det må innhaldseigarane godkjenne, men det gjer dei ikkje alltid. Utan nynorskkompetanse blir det nemleg vanskeleg å oppdatere tekstane.

– Det viser kor viktig det er å ha nynorskkompetanse og språkinteresse som kriterium når ein tilset nye medarbeidarar!

Ein annan grunn til at mange motset seg nynorsk innhald, er at det påverkar nettsøk.

– Vi opplever at fleire ikkje vil ha nynorsk innhald fordi dei er redde for ikkje å nå breitt, og det er heilt legitimt. Dette er noko vi arbeider med. Vi legg til nøkkelord etter teksten, slik at det blir treff på begge språka.

Ikkje gløym samisk

Hjartet til Berezkina brenn òg for dei samiske språka, og ho meiner at dei må få meir plass i den digitale verda. Og kom ikkje med talargumentasjon til denne dama!

– Det er merkeleg, men det er veldig vanleg at eg blir møtt med argument som «den samiske teksten blei berre lesen hundre gonger». Eg må seie dette med store bokstavar: DU KAN IKKJE BRUKE TAL SOM ARGUMENT NÅR DET GJELD MINORITETSSPRÅK. Det gir absolutt inga mening. Brukarane av eit minoritetsspråk er jo per definisjon i mindretal, og det er akkurat derfor språket treng støtte til å bli meir synleg, slik at det ikkje døyr ut. At nokon i det heile vel samisk, er ein siger!

Berezkina ser at språklova har ført til ei haldningsendring, men ho vil helst ha meir støtte frå sitt eige departement.

– Vi treng støtte frå den øvste leiinga, altså Helse- og omsorgsdepartementet. Slik det er no, prøver vi å påverke frå botnen og opp. Det held ikkje. Viss det å etterleve språklova blir eit krav frå Helse- og omsorgsdepartementet, er eg sikker på at det vil bli prioritert på ein annan måte i heile sektoren, med planar og budsjett.

Får du som språkansvarleg skeptiske tilbakemeldingar eller spørsmål frå innhaldsleverandørar, tenesteeigarar eller tilsette om bruk av nynorsk? Helsenorge.no-redaksjonen har, i samarbeid med Språkrådet, laga nokre argument du kan bruke.

Om nynorsk i ope innhald

Vi vil at tekstane våre skal nå så mange som mogleg, derfor vil vi heller ha dei på bokmål.

Bokmål og nynorsk er likestilte skriftspråk i Noreg. Denne tospråkssituasjonen er lovfesta, og eit samla Storting står bak lova. Som offentleg verksemd med heile landet som tenestekrins må vi ha minimum 25 prosent og maksimum 75 prosent av kvart skriftspråk på nettsidene våre. Vi er dermed forplikta til å ha minst 25 prosent nynorsk.

Dei fleste innvandrarar har vanskar med å forstå nynorsk.

Det finst ikkje forsking som viser at nynorsk er vanskelegare å lære enn bokmål. Mange innvandrarar buset seg i nynorskkommunar og lærer nynorsk som einaste eller første norske skriftspråk. Mange kjem dessutan frå land med fleire språk. Vi undervurderer dei om vi prøver å halde tospråkssituasjonen vår skjult.

Vi får dårlegare resultat i Google/internsøk dersom vi bruker nynorsk.

Dessverre er det slik at søkemotorar kan ha vanskelegare for å fange opp søk på nynorsk. Men om vi taggar artiklane på helsenorge.no godt og bruker synonymordlister på tvers av dei to skriftspråka, vil eit internsøk på bokmål også gi gode treff på nynorsk, og vice versa.

Viss vi skal ha ein tekst på nynorsk, så vil vi gjerne også ha han på bokmål (parallelt).

Lova krev at ein skal veksle mellom skriftspråka og ikkje ha parallelle versjonar av same informasjon. Årsaka er at alle innbyggjarane i landet skal møte begge dei norske skriftspråka, og statlege nettsider skal ikkje gi høve til å velje bort det eine eller det andre skriftspråket. I tillegg er det ineffektiv ressursbruk å lage og forvalte parallelle versjonar, og det blir risiko for at dei to versjonane ikkje blir oppdaterte samtidig.

Om nynorsk i tenester og skjema

Må vi ha det på nynorsk også?

Ifølgje språklova skal alle sjølvbeteningsløysingar og skjema vere tilgjengelege på både bokmål og nynorsk, og innhaldet i teksten skal vere identisk.

Vi har tenkt å lage ein nynorskversjon av tenesta/skjemaet seinare, når vi får tid og pengar.

Versjonane skal vere tilgjengelege til same tid. Oppdateringar skal også skje samtidig.

Vi har ikkje lagt til rette for at det teknisk skal vere mogleg å ha fleire språkversjonar av tenesta.

Nynorsk må vere med frå starten, når de estimerer budsjettet og i utviklingsfasen. Slik legg de til rette for at fleire språk kan leggast til i tenestene.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:02.06.2023 | Oppdatert:02.06.2023