Tydeleg, til stades og løysingsdyktig!

No image

(1.4.22) I episode 11 av Navs språkpodkast «På godt NAVsk» snakkar språkdirektør Åse Wetås, Nav-direktør Hans Christian Holte og tekstdoktor Christine Calvert om korleis ein kan vere tydeleg, til stades og løysingsdyktig.

Christine Calvert har lese samtalereferat frå Nav og har følgjande innspel:

Kva må eg vite? Kva treng eg å vite først? Det er viktig å vise tydeleg kven som har ansvaret. Detaljar og bakgrunnsinformasjon kjem i andre rekkje.

– Råda frå Calvert er vel verde å lytte til. Vi må seie det viktigaste først og vise tydeleg kven som skal gjere kva, seier Åse Wetås i podkasten.

I podkasten tipsar Wetås om Språkrådets mønsterpraksis, som er basert på samtalar med verksemder som har lykkast i språkarbeidet. På språklov.no kan du lese meir om tilrådingane i mønsterpraksisen, og du kan sjå eksempel på korleis verksemdene har arbeidd.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:01.04.2022 | Oppdatert:20.04.2022