Ledig stilling i Språkrådet (søknadsfristen er ute)
I Språkrådet er det frå 1. februar 2021 ledig eit tolv månaders vikariat som rådgjevar/seniorrådgjevar i seksjonen for språk i skole og offentleg forvaltning.
Den som blir tilsett i vikariatet, skal arbeide for å nå dei språkpolitiske måla for opplæringa i skolen og for nynorskbruken i statsforvaltninga.
Seksjonen for språk i skole og offentleg forvaltning har eit særleg ansvar for språkopplæring, klarspråk, nasjonale minoritetsspråk, nordisk språkforståing og bokmål og nynorsk i forvaltninga.