Styret i Språkrådet går inn for revisjon av nynorskrettskrivinga
Målet er å etablera ei norm som gjer det lettare å vera nynorskbrukar, som er tydeleg for alle som bruker nynorsk som sidemål, og som er stabil over tid. Vedtaket har denne ordlyden:
«Under føresetnad av godkjenning frå KKD gjer styret slikt vedtak:
1 På grunnlag av utgreiinga om nynorsknorm i 2003 set styret i gang arbeidet med å laga ei tydeleg, enkel og stram norm, utan sideformer. Denne nye norma skal vera eit tilbod til alle som ønskjer å skriva korrekt nynorsk, og ho skal gjelda for alle som pliktar å skriva innafor ei norm.
2 Målet er å etablera ei norm som gjer det lettare å vera nynorskbrukar, som er tydeleg for alle som bruker nynorsk som sidemål, og som er stabil over tid.
3 Breitt talemålsgrunnlag, mykje brukte former og ord, geografisk spreiing og skriftspråktradisjonar er blant dei viktigaste faktorane som skal balanserast i den nye norma.
4 Fagrådet for normering og språkobservasjon, saman med sekretariatet, får i oppdrag å planleggja og å følgja opp prosessen, innafor dei retningslinjene som styret gjev. Fagrådet gjer framlegg om samansetjinga av den gruppa som skal stå for sjølve arbeidet. I denne gruppa kan det vera personar frå fagrådet, og det bør vera med ein nynorskrådgjevar frå sekretariatet. I gruppa skal det dessutan vera representantar frå målrørsla, forvaltninga, utdanningssektoren, forlagsbransjen og medieområdet. Fagrådet foreslår òg sekretær for gruppa.
5 Styret ber om forslag til arbeidsplan og framlegg om prosjektgruppe innan 15. desember i år.
6 Styret tek sikte på å gje endeleg tilråding våren 2009.»