Ansatt, tilsatt eller tilsett?

No image

1. juli 2017 blei den gamle tenestemannslova avløyst av ei ny lov, nemleg lov om statens ansatte mv. Men kva kallar vi dei som jobbar i staten? Er dei tilsette, tilsatte eller ansatte?

På bokmål kan vi velje mellom ansatt og tilsatt, men på nynorsk er tilsett eineform. Til desse adjektiva har vi substantiva ansettelse og tilsetting på bokmål og tilsetjing/tilsetting på nynorsk.

Vi tilrår at ein er konsekvent i kvar målform. Ein bokmålsskribent bør halde seg til paret ansatt/ansettelse eller tilsatt/tilsetting. På nynorsk bør ein skrive tilsetjing om ein skriv å tilsetje/-a, og tilsetting om ein skriv å tilsette/-a.

Lova er skriven på bokmål, og Stortinget har vedteke statsansatteloven som korttittel. Den nynorske korttittelen blir dimed statstilsettelova.

Mange statstilsette spør Språkrådet om korleis dei skal vise til lover og forskrifter på rett måte. Når vi viser til lover med korttittelen, skal korttittelen følgje målforma i resten av teksten. Når vi viser til lover med den fulle tittelen, nyttar vi målforma i sjølve lova. Ein kan gjerne setje den fulle tittelen i kursiv, av omsyn til lesarane.

Vi kan altså vise til ei lov på fleire måtar:

  • Vi viser til § 12 i lov om statens ansatte mv. (anten brevet er på nynorsk eller bokmål)
  • Vi viser til § 12 i statstilsettelova (om brevet er på nynorsk)
  • Vi viser til § 12 i statsansatteloven (om brevet er på bokmål)

Hugs at titlar på lover og forskrifter (både korttitlar og fulle titlar) skal ha liten bokstav. Unntaket er Grunnlova og lover og forskrifter med eit stadnamn som førsteledd (t.d. Svalbardlova).

---

Foto: Andreas Haldorsen – Norges Lover (Lisens: CC BY-SA 2.0).

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:14.07.2017 | Oppdatert:08.08.2023