Hopp til hovedinnhold

Rett til kommunikasjon på bokmål eller nynorsk

Språklova slår fast at statlege og fylkeskommunale organ skal

  • kommunisere skriftleg med privatpersonar på det skriftspråket som personane ønsker
  • sørge for at skjema og digitale sjølvbeteningstenester finst samtidig på både nynorsk og bokmål
  • sørge for at løyve og faste formular finst på både nynorsk og bokmål

Du har rett til

  • å få svar frå statlege og fylkeskommunale organ på det norske skriftspråket du ønsker
  • å få skjema og digitale sjølvbeteningstenester på det norske skriftspråket du ønsker
  • å få løyve og faste formular (som skattekort og førarkort) på det norske skriftspråket du ønsker
Klage på bruk av feil skriftspråk (bokmål eller nynorsk)
  • Du kan klage på at ein tekst til deg er skriven på feil skriftspråk.
  • Du kan klage på at skjema og sjølvbeteningstenester ikkje finst på ditt skriftspråk.
  • Du kan klage på feil skriftspråk i løyve og faste formular (som skattekort og førarkort).

Vil du klage, må du ta kontakt med det offentlege organet som har skrive til deg, eller som er ansvarleg for sjølvbeteningstenesta.

Framlegg til klagebrev 

Send gjerne kopi av klagen din til Språkrådet.

Spørsmål og svar: nynorsk og bokmål