Dette er språklova
Lov om språk, eller språklova, tok til å gjelde 1. januar 2022. Lova inneheld 22 paragrafar og har som føremål å styrke norsk språk og fremme likestilling mellom bokmål og nynorsk. Lova skal òg sikre vern og status for dei andre språka som staten har ansvar for: kvensk, romani, romanes, samiske språk og norsk teiknspråk.
Språk er kanskje den viktigaste fellesmarkøren vi har; det er dét som gjer oss til eit samfunn. Språk heng saman med demokrati. Det er noko alle treng for å kunne delta. Grunnlova pålegg styresmaktene å legge til rette for eit ope og opplyst offentleg ordskifte, og språklova konkretiserer den delen av ytringsfridomen. Folk må ha tilgang til språk som gjer det mogleg for dei å vere aktive samfunnsborgarar.
Om norsk og andre språk
Lova er eit sentralt verkemiddel for å sikre at norsk skal halde fram med å vere hovudspråket i Noreg, og at det skal kunne brukast på alle område i samfunnet. Samtidig skal lova sørge for at minoritetsspråk med lange tradisjonar i Noreg blir verna og fremma.
Rettar og plikter i lova
Lova gjev rettar til alle brukarar av språka som er nemnde ovanfor. Dei som har plikter etter lova, er først og fremst offentlege organ. Dei fleste rettane og pliktene har òg tidlegare vore del av den offisielle norske språkpolitikken, men dei får større tyngd når dei blir uttrykte i lovs form.
Fylkeskommunane får heilt nye plikter
Noko er likevel heilt nytt: Språknøytrale fylkeskommunar skal veksle mellom bokmål og nynorsk, slik at det blir eit rimeleg forhold mellom dei to skriftspråka i allment tilgjengelege dokument. Alle fylkeskommunar skal svare private rettssubjekt på det språket rettssubjektet sjølv bruker eller krev brukt. Når fylkeskommunane skriv dokument retta mot kommunar eller andre fylkeskommunar som har gjort språkvedtak, skal dei bruke det vedtekne skriftspråket.
Om namnelaging i staten
Lova slår fast at statsorgan med tilhøyrande avdelingar, seksjonar osb. skal ha namn på norsk (både bokmål og nynorsk), og at namna skal følge offisiell rettskriving. Lova pålegg Språkrådet å gje statsorgan råd om skrivemåte og namneskikk før det blir gjort vedtak om namn på statsorgan. I tillegg skal Språkrådet rettleie offentlege organ om reglane i språklova.
Les meir
Språklova i Lovdata
Om Språkrådet i språklova
Språklova på engelsk: Act relating to Language