Hopp til hovedinnhold

Fagspråk og terminologi – sjekkliste

Kva seier språklova om norsk fagspråk og terminologi? 

Ansvaret for norsk fagspråk og terminologi følger av det overordna ansvaret for norsk språk. Føremålsparagrafen til lova seier at offentlege organ skal utvikle bokmål og nynorsk. Dette inneber blant anna at dei har ansvar for at det blir utvikla terminologi på norsk. Hugs at norsk er både bokmål og nynorsk. Klart definerte omgrep og konsekvent bruk av termar er viktig for digitaliseringa og medverkar til at språket blir klarare. 

Fagspråk og terminologi er tematisert i universitets- og høgskolelova § 1-7, som pålegg universitet og høgskolar å halde ved like og vidareutvikle norsk fagspråk.

Nedanfor ser de ei rekke spørsmål. Jo fleire spørsmål de kan svare «ja» på, desto betre grunnlag har de for å oppfylle pliktene i språklova.

Kartlegg situasjonen, og legg ein plan

Sjekk om de har oversikt over status og ein plan for arbeidet vidare:

  • I kva for samanhengar arbeider de med terminologi og fagspråk?
  • Har de oversikt over korleis de arbeider med norsk fagspråk og terminologi i dag?
  • Har de sett dykk mål for denne delen av språkarbeidet?
  • Veit de om de har den kompetansen og dei ressursane de treng for å nå måla?
  • Har de vurdert korleis de kan bruke råda i denne mønsterpraksisen?
  • Veit de kvifor norsk fagspråk og terminologi er så viktig for å sikre at norsk skal kunne brukast på alle område i samfunnet?

Forankre arbeidet i leiinga

Sjekk om arbeidet med norsk fagspråk og terminologi er godt forankra i leiinga:

  • Har organisasjonen eit sentralt dokument der det står at de skal sørge for at termar blir utvikla, oppdaterte og gjorde tilgjengelege når det er relevant?
  • Er ansvaret for at organisasjonen bruker og utviklar norsk fagspråk og terminologi, formalisert som eit linjeansvar?
  • Blir terminologi eller omgrepsarbeid tematisert som eige tema eller i samanheng med andre oppgåver, for eksempel digitalisering, klarspråk eller språkteknologi? Dersom ja:
    • Er norsk fagspråk og terminologi tema i årsrapporten?
    • Deltek leiinga i offentlege samtalar om norsk fagspråk og terminologi?

Plasser ansvaret for å drive arbeidet framover

Sjekk om ansvaret for norsk fagspråk og terminologi er tydeleg  plassert:

  • Har de tydelege føringar for korleis de jobbar med fagspråk og terminologi, og kven som har ansvar for kva?
  • Har den eller dei som har ansvar for fagspråk og terminologi, mandat til å hjelpe i arbeidet eller vise vidare?
  • Har denne personen eller desse personane god kompetanse i terminologisk metode, og kjenner dei til dei tilrådde arbeidsmåtane på feltet?
  • Kjenner denne personen eller desse personane organisasjonen slik at dei kan bidra til å dekke behova på ein effektiv måte?
  • Har denne personen eller desse personane fast, formell kontakt med leiinga?

Gjer språkarbeidet til ein del av prosessane i organisasjonen

Sjekk om arbeidet med norsk fagspråk og terminologi inngår i prosessane i organisasjonen:

  • Er arbeidet med norsk fagspråk og terminologi teke inn i relevante prosessar, rutinar og kvalitetssystem?
  • Er det å bruke norsk fagspråk og terminologi ein del av kulturen til organisasjonen?
  • Har de eit obligatorisk opplegg for nytilsette der norsk fagspråk og terminologi er eit tema?
  • Er arbeid med norsk fagspråk og terminologi ein naturleg del av utviklingsarbeidet i organisasjonen?
  • Krev de alltid av eksterne leverandørar at språket i leveransen, for eksempel eit saksbehandlingssystem eller opplæringsmateriell, skal vere norsk?

Gje medarbeidarane tilgang til språkressursar

Sjekk om de har ressursane de treng for å jobbe godt med norsk fagspråk og terminologi:

  • Har de tips, ordlister eller andre ressursar som gjer det enkelt for dei tilsette å konsekvent bruke felles fagtermar som det er semje om?
  • Får dei tilsette vite om desse ressursane når dei startar, og blir dei oppmoda om å bruke dei?
  • Har dei tilsette det dei treng av verktøy eller program som kan gjere det enklare for dei å konsekvent bruke felles fagtermar som det er semje om?

Nyttige ressursar for arbeid med fagspråk og terminologi

Gjennomfør språktiltak jamleg

Sjekk om de har språklege tiltak som treffer godt:

  • Tematiserer de jamleg norsk fagspråk og terminologi internt, for eksempel i møte og på intranett?
  • Får medarbeidarar og leiarar opplæring i terminologiarbeid?
  • Løfter de fram gode tekstar og resultat, for eksempel med ein pris til ein tilsett eller ei avdeling som har utmerkt seg med å bruke godt fagspråk?
  • Har de godt fagspråk og terminologi som tema på språkarrangement? 

Mål resultata av språkarbeidet

Språkarbeidet kan gje store gevinstar for organisasjonen, og gode resultat kan motivere til vidare arbeid. De kan for eksempel måle

  • om målretta arbeid med fagspråk og terminologi fører til at fleire forstår tekstane, og/eller at brukaropplevingane blir betre
  • om dei tilsette endrar haldningar og får betre kompetanse etter språktiltak

Sjekk om de formidlar resultata:

  • Sørger de for at leiinga og resten av organisasjonen får kjennskap til resultata av arbeidet med fagspråk og terminologi?
  • Gjer de resultata synlege for eksterne?

Del erfaringar, og hent impulsar utanfrå

Sjekk om de bidreg til å dele erfaringar og gjenbruke gode løysingar:

  • Veit de korleis andre organiserer arbeidet med fagspråk og terminologi, kva verktøy dei bruker, og kva gevinstar dei får av arbeidet?
  • Deler de erfaringar med andre organisasjonar?
  • Samarbeider de med andre som har gjort arbeid som er relevant for satsinga dykkar?
  • Har de dialog med Språkrådet, Digitaliseringsdirektoratet eller andre aktørar som kan hjelpe dykk i arbeidet?
  • Bruker de Felles datakatalog i arbeidet?
  • Deler de omgrep i Felles datakatalog?