Hopp til hovedinnhold

§ 2 Definisjonar

I denne lova tyder

a) dokument: ei logisk avgrensa informasjonsmengd som blir lagra på eit medium for seinare lesing, framsyning, overføring eller liknande
b) allment tilgjengelege dokument: dokument som blir utferda og sendt ut av eit organ som er omfatta av lova her, og som ikkje er stila til enkeltadressatar
c) statsorgan: alle organ for staten og sjølvstendige rettssubjekt der staten har ein eigarskap som nemnt i § 3 første ledd første punktum bokstav c, eller ei rolle som nemnt i § 3 første ledd første punktum bokstav d, og som ikkje er omfatta av § 3 første ledd andre punktum
d) offentleg organ: statsorgan etter bokstav c, alle organ for kommune og fylkeskommune og sjølvstendige rettssubjekt der kommunar og fylkeskommunar har ein eigarskap som nemnt i § 3 første ledd første punktum bokstav c, eller ei rolle som nemnt i § 3 første ledd første punktum bokstav d, og som ikkje er omfatta av § 3 første ledd andre punktum
e) sentrale statsorgan: statsorgan med heile landet som tenestekrins
f) regionale statsorgan: statsorgan med mindre enn heile landet som tenestekrins.

Lenke til Lovdata
English version