Hopp til hovedinnhold

Språkteknologi – sjekkliste

Kva seier språklova om språkteknologi på norsk?

Språklova slår fast at norsk skal kunne brukast på alle samfunnsområde. Skal dette kravet oppfyllast, må mellom anna språkteknologi fungere på begge dei norske språka. Språkteknologi kan vere for eksempel søkemotorar, retteprogram, praterobotar, taleattkjenning, automatisk opplesing av tekst og maskinomsetting.

Skal ein lage god språkteknologi, treng ein gode språklege grunnlagsdata som ordlister, omgrep, tekst, omsettingar og taledata. Slike data kan gjenbrukast. For eksempel kan fleirspråklege omgrepslister gjere maskinomsettinga meir presis, og listene kan brukast til parallellsøk på bokmål og nynorsk i ein søkemotor. Dersom offentlege organ deler slike data, kan norsk språkteknologi bli betre.

Digitaliseringsrundskrivet og rettleiaren Språkdata – korleis kan vi hauste og dele? summerer opp kva data offentlege organ skal og bør dele, og kvar. Offentlege organ

  • skal registrere datasett i Felles datakatalog
  • bør registrere terminologi og omgrep i Felles datakatalog
  • bør dele kurs- og rettleiingsmateriell for bruk av publikumsretta digitale tenester på Kompetanse Norges Digidel-side
  • bør gjere avtalar der alle typar data som blir laga i samband med språkteknologiske produkt, eller andre data som kan gjenbrukast i språkteknologi, for eksempel omsettingsminne, er ein del av leveringa, og levere dataa til språkbanken til Nasjonalbiblioteket

I tillegg bør offentlege organ sørge for at teknologien dei bruker, er tilgjengeleg på norsk – både bokmål og nynorsk, og at søkemotorane kan brukast parallelt på bokmål og nynorsk, slik at eit søk på «teiknspråk» gjev treff på «tegnspråk» og omvendt. Hugs at det løner seg å utvikle teknologien på bokmål og nynorsk samstundes.

Nedanfor ser de ei rekke spørsmål. Jo fleire spørsmål organisasjonen dykkar kan svare «ja» på, desto betre grunnlag har de for å oppfylle krava i språklova.

Kartlegg situasjonen, og legg ein plan

Sjekk om de har oversikt over status og ein plan for arbeidet vidare:

  • Har de oversikt over kva språkdata som finst i organisasjonen?
  • Har de oversikt over korleis de arbeider med norsk språkteknologi i dag?
  • Har de sett dykk mål for denne delen av språkarbeidet?
  • Veit de om de har den kompetansen og dei ressursane de treng for å nå måla?
  • Har de vurdert korleis de kan bruke råda i denne mønsterpraksisen?

Forankre arbeidet i leiinga

Sjekk om arbeidet med språkteknologi er godt forankra i leiinga:

  • Har organisasjonen eit sentralt dokument der det står at de skal velje språkteknologi som stør norsk språk når det er mogeleg, og både bokmål og nynorsk når det er relevant?
  • Er ansvaret for at organisasjonen bruker og legg til rette for språkteknologi på norsk, formalisert som eit linjeansvar?
  • Tematiserer leiinga behovet for språkteknologi som stør norsk språk, for eksempel i offentlege debattar eller i dialog med samarbeidspartnarar og leverandørar?

Plasser ansvaret for å drive arbeidet framover

Sjekk om ansvaret for språkteknologi på norsk er tydeleg og godt plassert:

  • Har den eller dei som har ansvar for språkteknologi på norsk, den kompetansen som trengst, for eksempel til å sikre data og legge til rette for gjenbruk?
  • Har denne personen eller desse personane mandat til å hjelpe i arbeidet eller vise vidare til eksterne ressursar?

Gjer språkarbeidet til ein del av prosessane i organisasjonen

Sjekk om arbeidet med norsk språkteknologi inngår i prosessane i organisasjonen der det er relevant:

  • Har de eit system som sikrar at alle som jobbar med relevante prosessar og driv med utviklingsarbeid, kjenner til krava og tilrådingane i Digitaliseringsrundskrivet og rettleiaren Språkdata – korleis kan vi hauste og dele?
  • Har de eit obligatorisk opplegg for nytilsette der krava og tilrådingane om å dele data er tema?
  • Krev de at teknologien de bruker, er tilgjengeleg på norsk – både bokmål og nynorsk?
  • Krev de alltid av eksterne leverandørar at språket i leveransen, for eksempel eit saksbehandlingssystem eller samtalerobotar, skal vere norsk?
  • Har de rutinar for sikring av språkdata når de kjøper inn språkteknologi eller andre tenester, for eksempel rutinar for levering av omsettingsminne til språkbanken når de bestiller ei omsetting?
  • Har de ein (ramme)avtale med ein ekstern leverandør, for eksempel ein datalingvist, dersom de treng det?
  • Veit leiarar og medarbeidarar kven dei kan vende seg til dersom dei har spørsmål om språkteknologi, for eksempel i samband med innkjøp, leveransar eller implementering?

Gje medarbeidarane tilgang til språkressursar

Sjekk om de har ressursane de treng for å legge til rette for språkteknologi på norsk:

  • Har de tips, rettleiingar eller ei oversikt over nyttige nettstader eller oppslagsverk dei tilsette kan bruke når dei skal hente eller dele data, eller når dei er i kontakt med ein leverandør?
  • Får dei tilsette vite om desse ressursane når dei startar, og blir dei oppmoda om å bruke dei?
  • Inneheld ressursane oppdatert og relevant informasjon?

Nyttige ressursar for språkarbeid

Gjennomfør språktiltak jamleg

Sjekk om de har språklege tiltak som treffer godt:

  • Tematiserer de jamleg språkteknologi på norsk internt, for eksempel i møte og på intranett?
  • Får medarbeidarar og leiarar informasjon om korleis medvite arbeid med språkteknologi kan bidra til at organisasjonen oppfyller krava i språklova?
  • Løftar de fram gode eksempel på og resultat av arbeid med språkteknologi?

Mål resultata av språkarbeidet

Språkarbeidet kan gje store gevinstar for organisasjonen, og gode resultat kan motivere til vidare arbeid. De kan for eksempel måle

  • om målretta arbeid med norsk språkteknologi fører til meir innhald på bokmål og nynorsk
  • om målretta arbeid med norsk språkteknologi fører til at fleire forstår tekstane, og/eller at brukaropplevingane blir betre
  • om dei tilsette endrar haldningar og får betre kompetanse etter språktiltak
  • om de bruker meir norsk i organisasjonen fordi de set krav om språkleg kompetanse når stillingar skal lysast ut

Sjekk om de formidlar resultata:

  • Sørger de for at leiinga og resten av organisasjonen får kjennskap til resultata av arbeidet med norsk språkteknologi?
  • Gjer de resultata synlege for eksterne?

Del erfaringar, og hent impulsar utanfrå

Sjekk om de bidreg til å dele erfaringar og gjenbruke gode løysingar:

  • Veit de korleis andre organiserer arbeidet sitt med norsk språkteknologi, kva verktøy dei bruker, og kva gevinstar dei får av arbeidet?
  • Deler de erfaringar med andre organisasjonar?
  • Samarbeider de med andre som har gjort arbeid som er relevant for satsinga dykkar?
  • Har de dialog med Språkrådet, Digitaliseringsdirektoratet eller andre aktørar som kan hjelpe dykk i arbeidet?
  • Bruker de Felles datakatalog i arbeidet?
  • Deler de omgrep i Felles datakatalog dersom de har laga noko som kan vere nyttig for andre?
  • Registrerer de terminologi og omgrep i Felles datakatalog?
  • Deler de kurs- og rettleiingsmateriell for bruk av publikumsretta digitale tenester på Kompetanse Norges Digidel-side?
  • Krev de at alle typar data som blir samla inn eller laga når de utviklar språkteknologi – for eksempel omsettingsminne – er ein del av leveringa, og leverer de i så fall dataa til språkbanken til Nasjonalbiblioteket?