Hopp til hovedinnhold

Norsk teiknspråk – sjekkliste

Kva seier språklova om norsk teiknspråk?

Språklova seier at offentlege organ skal ta ansvar for å verne og fremme norsk teiknspråk. Det inneber at det offentlege skal styrke norsk teiknspråk ut over det som følger av særlovgjevinga. 

Nedanfor ser de ei rekke spørsmål. Jo fleire spørsmål de kan svare «ja» på, desto betre grunnlag har de for å oppfylle pliktene i språklova.

Kartlegg situasjonen, og legg ein plan

Sjekk om de har oversikt over status og ein plan for arbeidet vidare:

  • Veit de kva språklova seier om norsk teiknspråk?
  • Har de oversikt over korleis de arbeider med norsk teiknspråk i dag, og i kor stor grad de oppfyller krava i lova?
  • Har de sett dykk mål for denne delen av språkarbeidet?
  • Veit de om de har den kompetansen og dei ressursane de treng for å nå måla?
  • Har de vurdert korleis mønsterpraksisen kan vere nyttig i arbeidet?

Forankre arbeidet i leiinga

Sjekk om arbeidet med teiknspråk er godt forankra i leiinga:

  • Har organisasjonen eit sentralt dokument der det står at de skal sette i verk tiltak for at teiknspråk skal bli brukt meir, og for at språkbrukarane ikkje skal bli hindra når dei vil bruke teiknspråk?
  • Er ansvaret for at organisasjonen produserer informasjon på teiknspråk, formalisert som eit linjeansvar?
  • Er teiknspråk på dagsordenen på leiarmøte i løpet av året?
  • Er teiknspråk tema i årsrapporten?
  • Deltek leiinga i offentlege samtalar om norsk teiknspråk?

Plasser ansvaret for å drive arbeidet framover

Sjekk om ansvaret for teiknspråk er tydeleg plassert:

  • Har den eller dei som har ansvar for teiknspråk, mandat til å hjelpe i arbeidet eller vise vidare?
  • Har denne personen eller desse personane kunnskap om norsk teiknspråk og kva for tiltak som trengst for at norsk teiknspråk skal brukast meir, og for at brukarar og samarbeidspartnarar ikkje blir hindra i å bruke teiknspråk?
  • Kjenner denne personen eller desse personane organisasjonen slik at dei kan bidra til å dekke behova på ein effektiv måte?
  • Har denne personen eller desse personane fast, formell kontakt med leiinga?

Gjer språkarbeidet til ein del av prosessane i organisasjonen

Sjekk om arbeidet med teiknspråk inngår i prosessane i organisasjonen:

  • Er arbeidet med teiknspråk teke inn i relevante prosessar, rutinar og kvalitetssystem?
  • Er det å verne og fremme teiknspråk ein del av kulturen til organisasjonen?
  • Har de eit obligatorisk opplegg for nytilsette der norsk teiknspråk er tema?
  • Finst det tilsette med kompetanse i norsk teiknspråk, slik at de kan kommunisere med brukarar, samarbeidspartnarar eller andre på norsk teiknspråk?
  • Har de ein (ramme)avtale med ein ekstern leverandør, for eksempel av filmar på teiknspråk, dersom de treng det for å oppfylle krava i lova?

Gje medarbeidarane tilgang til språkressursar

Sjekk om de har ressursane de treng for å jobbe godt med norsk teiknspråk:

  • Har dei tilsette det dei treng av ressursar, verktøy eller program som kan hjelpe dei til å bli kjende med og bruke norsk teiknspråk?
  • Får dei tilsette vite om desse ressursane når dei startar, og blir dei oppmoda om å bruke dei?
  • Inneheld ressursane oppdatert informasjon, og opplever dei tilsette at dei er nyttige?

Nyttige ressursar for arbeid med teiknspråk

Gjennomfør språktiltak jamleg

Sjekk om de har språklege tiltak som treffer godt:

  • Tematiserer de jamleg teiknspråk internt, for eksempel i møte og på intranett?
  • Får medarbeidarar og leiarar opplæring i teiknspråk?
  • Løfter de fram gode resultat, for eksempel med ein pris til ein tilsett eller ei avdeling som har utmerkt seg med godt teiknspråkarbeid?
  • Har de norsk teiknspråk som tema på språkarrangement? 
  • Gjev de medarbeidarar tilbod om å bli «teiknspråkambassadør» eller liknande i organisasjonen?

Mål resultata av språkarbeidet

Språkarbeidet kan gje store gevinstar for organisasjonen, og gode resultat kan motivere til vidare arbeid. De kan for eksempel måle

  • om målretta arbeid med teiknspråk gjev betre brukaropplevingar, for eksempel gjer det enklare for folk å gje tilbakemeldingar eller å forstå informasjon på nettsidene
  • om arbeidet med teiknspråk reduserer mengda etterarbeid, for eksempel ved at de får færre førespurnader eller kan sende ut færre purringar
  • om bruk av teiknspråk gjer det enklare for brukarane å handle rett
  • om bruk av teiknspråk gjev likare saksbehandling og betre rettstryggleik
  • om bruk av teiknspråk fører til at fleire kjem med tilbakemeldingar og innspel
  • om dei tilsette endrar haldningar og får meir kunnskap om teiknspråk etter språktiltak
  • om de bruker meir teiknspråk i organisasjonen fordi de set krav om kompetanse i teiknspråk når stillingar skal lysast ut

Sjekk om de formidlar resultata:

  • Sørger de for at leiinga og resten av organisasjonen får kjennskap til resultata av teiknspråkarbeidet?
  • Gjer de resultata synlege eksternt?

Del erfaringar, og hent impulsar utanfrå

Sjekk om de bidreg til erfaringsdeling og gjenbruk:

  • Veit de korleis andre organiserer arbeidet med norsk teiknspråk, kva verktøy dei bruker, og kva gevinstar dei får av arbeidet?
  • Deler de erfaringar med andre organisasjonar om arbeidet med teiknspråk?
  • Har de dialog med Språkrådet og andre aktørar som kan hjelpe dykk i arbeidet?
  • Har de bevisst valt å bruke eller ikkje bruke kommersielle teiknspråktenester?