Hopp til hovedinnhold

Reglar for administrativ verksemd

Merk at ved

  • universiteta
  • dei statlege høgskolane og andre statlege skolar
  • vidaregåande skolar
  • domstolane
  • forliksråda
  • påtalemakta

gjeld reglane om bruk av bokmål og nynorsk i lova (paragraf 11 til 18) berre for den administrative delen av verksemda (administrasjon).

Kva er administrasjon?

Døme: Når universiteta og høgskolane vender seg skriftleg til studentar og andre, er det administrasjon. Kunngjeringar, stillingslysingar, informasjon om undervisninga, studieplanar og oppslag er altså administrasjon. Eksamensavviklinga er òg administrasjon.

Kva er ikkje administrasjon?

Døme: Skriving av rettslege avgjerder (orskurdar og vedtak) i domstolane er ikkje administrasjon, og er såleis ikkje omfatta av reglane om bruk av bokmål og nynorsk i lova. Domsskriving fell altså utanom den administrative verksemda.

Dei oppgåvene som politiet og påtalemakta har etter straffeprosesslova, er ikkje administrasjon, og er såleis ikkje omfatta av reglane om bruk av bokmål og nynorsk i lova.