Mastergradsstipend: språk i medietilbodet retta mot barn og unge
(2.7.19) Språkrådet skal dele ut eit stipend til ein student som skriv masteroppgåve om språk i medietilbodet retta mot barn og unge. Alle studentar som arbeider med relevante problemstillingar, kan søkje.
Aktuelle tema kan vere:
- omfang og bruk av engelsk og norsk i media som rettar seg mot norske barn og unge
- omfang og bruk av nynorsk i media som rettar seg mot norske barn og unge
Døme på medium ein kan sjå nærare på: strøymetenester, fjernsyn, sosiale medium, dataspel, YouTube og liknande.
Søknaden må innehalde:
- ei skisse på éi side som gjer greie for problemstillinga og metoden og for kor langt ein er komen i arbeidet
- ei fråsegn frå rettleiaren
- ei utdjuping av problemstillinga og metoden, maksimum tre sider
Stipendet er på 20 000 kroner.
NB! Ny søknadsfrist: 25. oktober 2019. Søkjarane må merkje søknaden «Språk og media». Send søknaden per e-post til: post@sprakradet.no.
Har du spørsmål, kan du kontakte Lars Ivar Nordal