Språkstrategiar i universitets- og høgskolesektoren

Språkrådet arbeider for at universitet og høgskolar skal gjere medvitne språkval i situasjonar der to eller fleire språk møtest. Medvitne og systematiske språkval føreset at institusjonane utarbeider eigne språkstrategiar, også kalla språkpolitiske retningsliner.

I Kunnskapsdepartementets tildelingsbrev til universiteta og høgskolane for 2020 heiter det mellom anna:

Universitetene og høyskolene har et lovpålagt ansvar for norsk som fagspråk, og institusjonene skal ha egne språkstrategier. Internasjonaliseringen av forskningen og økt bruk av engelsk gjør det nødvendig at institusjonene har en strategisk tilnærming til denne problemstillingen. Departementet vil i løpet av 2020 ta initiativ til en gjennomgang av institusjonenes språkstrategier.

Rettleiing til arbeidet med ein språkstrategi

Vegen frå språkstrategi til handling

  • Språkrådet har utarbeidd ein vegvisar for korleis språkstrategiane kan gjennomførast i praksis.
  • Språkrådet har utarbeidd ein arbeidsmetode for terminologiarbeid, dvs. korleis ein kan arbeide med norsk og engelsk fagspråk i sektoren.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:05.12.2019 | Oppdatert:14.01.2021