Fylkesmannen i Vestfold og Telemark og mållova
(18.1.19) Den 1. januar 2019 vart Fylkesmannen i Vestfold og Fylkesmannen i Telemark slått saman til eitt embete: Fylkesmannen i Vestfold og Telemark. Den siste veka har det vore ei viss mediemerksemd om at det nye fylkesmannsembetet har nynorsk som tenestemål etter lov om målbruk i offentleg teneste (mållova) og forskrift om målbruk i offentleg teneste.
Det saka gjeld, er tenestemålet for Fylkesmannen i Vestfold og Telemark, som er eit regionalt statsorgan underlagt Kommunal- og moderniseringsdepartementet. Merk at det ikkje er tale om den nye Vestfold og Telemark fylkeskommune, som skal opprettast 1. januar 2020. Fylkeskommunen vel si målform uavhengig av Fylkesmannen. Det er derfor upresist å hevde at Vestfold og Telemark skal vere eit «nynorskfylke».
Kvifor fekk Fylkesmannen nynorsk som tenestemål i 2019?
Fylkesmannen i Vestfold og Telemark er eit regionalt statsorgan som fekk nynorsk som tenestemål då embetet vart oppretta. I forskrifta til mållova står det at tenestemålet til eit regionalt statsorgan er den målforma fleirtalet av kommunane i tenestekrinsen har vedteke (§ 5 andre ledd). Ein ser bort frå dei språkleg nøytrale kommunane i samanlikninga, men dersom over halvparten er nøytrale, finst det ikkje noka fleirtalsmålform etter lova (jf. mållova § 7 andre ledd). Då er fylkesmannsembetet språknøytralt. Kommunar som ikkje gjer vedtak, er å rekne som språkleg nøytrale.
I Telemark er det 8 nynorskkommunar og 10 språknøytrale kommunar, og i Vestfold er det 6 bokmålskommunar og 3 nøytrale kommunar. I det nye fylkesmannsembetet er det dermed 8 nynorskkommunar og 6 bokmålskommunar, altså 14 til saman, mot 13 nøytrale kommunar. Derfor er nynorsk fleirtalsmålforma. Ei oppdatert oversikt over kommunale målvedtak etter mållova finst i forskrift om målvedtak i kommunar og fylkeskommunar. Sjå òg tabellen under.
Kva blir tenestemålet til Fylkesmannen i Vestfold og Telemark i 2020?
Frå 1. januar 2020 skal det gjennomførast fleire kommunesamanslåingar i Vestfold og Telemark. Sidan må det gjerast opp status for tenestemålet til fylkesmannsembetet på nytt. Utfallet er avhengig av
a) målvedtaka i dei nye, samanslåtte kommunane
b) eventuelle endringar i målvedtaka til dei kommunane som ikkje blir råka av samanslåing i 2020
Kva vil det seie å ha tenestemål?
Det at Fylkesmannen i Vestfold og Telemark har nynorsk som tenestemål, tyder først og fremst at «rundskriv, kunngjeringar, informasjonstilfang o.l.» skal vere på nynorsk, jf. mållova § 8 andre ledd. Dette omfattar både digitale dokument (t.d. nettsider) og papirdokument. I brev til andre statsorgan skal fylkesmannsembetet bruke nynorsk (jf. forskrifta § 5 andre ledd).
Jamvel om Fylkesmannen i Vestfold og Telemark har nynorsk som tenestemål, både kan og skal embetet bruke bokmål i ein del samanhengar:
- Private skal få svar i si eiga målform (mållova § 6 første ledd).
- Fylkesmannen skal skrive til bokmålskommunar på bokmål og til nynorskkommunar på nynorsk (mållova § 6 andre ledd).
- Fylkesmannen kan fritt velje målform i interne dokument (mållova § 2 første ledd).
- Skjema (både elektroniske og på papir) skal vere tilgjengelege på både bokmål og nynorsk (mållova § 8 fjerde ledd).
Oversikt over tenestemål for kommunane og fylkesmannsembeta frå 1. januar 2019 | ||||
---|---|---|---|---|
Bokmålskommunar | Nynorskkommunar | Nøytrale kommunar | Tenestemål | |
Fylkesmannen i Oslo og Viken | 46 | 3 | 13 | bokmål |
Fylkesmannen i Innlandet | 24 | 7 | 17 | bokmål |
Fylkesmannen i Vestfold og Telemark | 6 | 8 | 13 | nynorsk |
Fylkesmannen i Agder | 11 | 6 | 13 | bokmål |
Fylkesmannen i Rogaland | 3 | 11 | 12 | nynorsk |
Fylkesmannen i Vestland | 0 | 56 | 3 | nynorsk |
Fylkesmannen i Møre og Romsdal | 1 | 22 | 12 | nynorsk |
Fylkesmannen i Trøndelag | 12 | 0 | 36 | nøytral |
Fylkesmannen i Nordland | 23 | 0 | 21 | bokmål |
Fylkesmannen i Troms og Finnmark | 24 | 0 | 19 | bokmål |