Språknytt 3/2011
I dette nummeret av Språknytt møter vi regissør og manusforfattar Kjetil Indregard, som har omsett dialogane i den norske versjonen av We will rock you. Kva måtte han ta omsyn til då han omsette dialogane? I november arrangerer Språkrådet Språkdagen, og i år er hovudtemaet norsk språkpolitikk, særleg i universitets- og høgskolesektoren og i arbeids- og næringslivet. Frå 1. august 2012 blir den offisielle rettskrivinga for nynorsk endra. Kulturdepartementet har nyleg godkjent eit framlegg frå Språkrådet til ny norm. Kva for delar av norma kjem til å bli endra?
Elles i Språknytt kan du lese om forståelege namn på institusjonar, etatar og firma som blir til ikkje fullt så forståelege namn, språkarbeid hos UKA-11 i Trondheim, dialektbruk blant vaksne innvandrarar i Oppdal og til sist – ein artikkel om diktaren Kristofer Uppdals språk og språksyn.
Smakebiter |
---|
Intervjuet: Engelsk humor på norsk Norsk overlever, men det engelske språket er utdøydd. Høyrest det usannsynleg ut? Slik er i alle fall framtidsscenarioet i musikalen We will rock you. Heltane i stykket tar opp kampen for det døde språket, fortel Kjetil Indregard. |
Kristofer Uppdal – språk og språksyn Språket er noko av sjela. Mennesket har ei sjel. Og difor òg berre eit språk, det i vår sjel. Ei slekt som veks opp i etteraping etter framande, blir rotlaus i si eiga jord, og knapt levefør. Det som berre kopierar, treng sjølvsagt heller inga skapingsevne |
Nynorsknorma – slik blir ho Frå 1. august 2012 blir den offisielle rettskrivinga for nynorsk endra. Kulturdepartementet har nyleg godkjent eit framlegg frå Språkrådet til ny norm. Innstillinga Ny rettskriving for 2000-talet var klar 1. april i år. |
Kolofon |
Ansvarlig redaktør: Arnfinn Muruvik Vonen Redaksjonen avsluttet 26. august 2011 |