Hopp til hovedinnhold

Skriftleg kommunikasjon

Skriftleg kommunikasjon mellom staten, fylkeskommunane og private rettssubjekt

Private rettssubjekt (det vil seie enkeltpersonar og private verksemder) har alltid krav på å få svar frå eit statsorgan eller ein fylkeskommune på sitt eige skriftspråk.

Skriftleg kommunikasjon mellom staten, kommunane og fylkeskommunane

Det er språkvedtaket i ein kommune eller fylkeskommune som avgjer om statlege organ og fylkeskommunar skal bruke bokmål eller nynorsk når dei vender seg til kommunen eller fylkeskommunen.

Plikta til å bruke det skriftspråket kommunen eller fylkeskommunen har gjort vedtak om, gjeld uavhengig av om kommunen eller fylkeskommunen ein skriv til, sjølv har brukt dette skriftspråket.

Ein del kommunar og fylkeskommunar har nøytralt språkvedtak, og da står statsorgan og fylkeskommunar fritt til å velje skriftspråk når dei skriv til dei. 

Nokre praktiske tilfelle: 

Ein statstilsett som skriv e-post på vegner av jobben til ein kollega eller ein annan som arbeider i eit sentralt statsorgan, står fritt til å velje sjølv om teksten skal vere på bokmål eller nynorsk.  

Ein statstilsett som skriv til ein kommunalt tilsett, må rette seg etter språkvedtaket i den aktuelle kommunen.

§ 15 Bruk av bokmål og nynorsk til private rettssubjekt og enkeltkommunar

I dokument som er retta mot eit privat rettssubjekt, skal statsorgan og fylkeskommunar bruke det norske skriftspråket som det private rettssubjektet sjølv har bruka i kommunikasjonen med organet, eller som det private rettssubjektet på annan måte har meldt frå at det ønskjer.

I dokument som er retta mot ein kommune eller ein fylkeskommune som har gjort språkvedtak etter § 11, skal statsorgan og fylkeskommunar bruke det vedtekne skriftspråket.

Språkvedtak

Eit språkvedtak er eit vedtak frå ein kommune eller ein fylkeskommune om kva for skriftspråk som skal brukast i all skriftleg kommunikasjon med dei. Kommunen eller fylkeskommunen kan gjere vedtak om at det skal brukast berre nynorsk eller berre bokmål, eller at kommunen eller fylkeskommunen skal vere språkleg nøytral.

Ei oppdatert liste over språkvedtak (nynorsk, bokmål eller nøytralt) står i språkvedtaksforskrifta.