Vil du hjelpe oss i arbeidet med å følgje opp språklova og språkpolitikken? (fristen er utløpt)

No image

(17.3.23) Er du opptatt av språklege rettar? Vil du jobbe for god oppfølging av språkpolitikken? Har du erfaring med informasjons- og rettleiingsarbeid som har gitt god effekt? Då kan du vere den Språkrådet leitar etter!

I seksjonen for språk i skole og offentleg forvaltning har vi ledig eit vikariat som rådgivar eller seniorrådgivar i eitt år. Seksjonen har ansvar for å rettleie offentlege organ om språklova.

Søknadsfrist: 10. april 2023

Ansvar og arbeidsoppgåver

Hovudoppgåvene i stillinga er å

  • utvikle metodar, verktøy og rutinar for å følgje opp etterlevinga av språklova, til dømes å vidareutvikle Språkrådets tilsynsverksemd og samordne Språkrådets interne arbeid med å utvikle indikatorar for oppfølginga av språkpolitikken
  • delta i arbeidet med å føre tilsyn med etterlevinga av reglane i språklova
  • svare på spørsmål om språklova frå det offentlege og frå privatpersonar (sakshandsaming)
  • utarbeide informasjonsmateriell om språklova

Andre arbeidsoppgåver kan bli lagde til stillinga.

Kvalifikasjonar

Du må ha

  • relevant høgare utdanning minst på mastergradnivå eller tilsvarande, gjerne med juss, språk eller statsvitskap i fagkrinsen
  • god skriftleg og munnleg framstillingsevne
  • særs god kompetanse i bokmål og nynorsk

Relevant arbeidserfaring kan vege opp for manglande formalkompetanse.

Vi legg også vekt på

  • god samfunnsforståing
  • kjennskap til språkpolitikken
  • erfaring med informasjons- og rettleiingsarbeid
  • prosjektleiarerfaring
  • erfaring frå offentleg forvaltning, gjerne frå digitaliseringsprosessar og offentlege innkjøp

Personlege eigenskapar

Vi er på jakt etter deg som

  • har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
  • har god rolleforståing
  • har sterk gjennomføringsevne og tar eigarskap til oppgåver frå start til slutt
  • kan arbeide sjølvstendig, strukturert og målretta
  • liker å dele kunnskap
  • kan utfordre oss

Hos oss får du

  • interessante faglege utfordringar i ein organisasjon med eit viktig samfunnsoppdrag
  • eit hyggeleg og sterkt fagmiljø med kunnskapsrike og engasjerte kollegaer
  • moderne og trivelege kontorlokale sentralt i Oslo med innandørs sykkelparkering og særs godt kollektivsamband
  • subsidiert kantine
  • fleksibel arbeidstid
  • høve til å trene i arbeidstida
  • medlemskap i Statens pensjonskasse

Vilkår

Stillinga blir lønt som rådgivar i stillingskode 1464, 517 600–563 500 kroner i året (lønssteg 56–61), eller som seniorrådgivar i stillingskode 1364, 573 900–648 700 kroner i året (lønssteg 62–69), alt etter kvalifikasjonar og erfaring. Er ein søkjar særs kvalifisert, kan vi vurdere høgare løn.

Språkrådet meiner at inkludering og mangfald i arbeidslivet gjer at vi på ein endå betre måte kan utføre samfunnsoppdraget vårt. Derfor ønskjer vi medarbeidarar med variert kompetanse og livserfaring og ulike fagkombinasjonar og perspektiv. Vi oppmodar deg om å krysse av i søkjarportalen om du har nedsett funksjonsevne, hòl i CV-en eller minoritetsbakgrunn. Dersom det er kvalifiserte søkjarar i desse gruppene, vil vi kalle minst éin søkjar i kvar av gruppene til intervju. Har du kryssa av og får jobben, vil vi leggje til rette for deg om du treng det. For å bli vurdert som søkjar i desse gruppene, det vil seie å bli positivt særbehandla, må søkjaren oppfylle nokre krav. 

Avkryssingane i søkjarportalen dannar grunnlag for anonymisert statistikk som byggjer på rapportering frå alle statlege verksemder.

Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjaren kan bli gjorde offentlege sjølv om søkjaren har bede om å ikkje bli ført på søkjarlista, jf. lov om rett til innsyn i dokument i offentleg verksemd (offentleglova) § 25.

Søknadsfrist: 10. april 2023

Nærmare opplysningar om stillinga får du av fungerande seksjonssjef Torunn Reksten på telefon 93 43 29 53.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:17.03.2023 | Oppdatert:27.04.2023