Klar for tilsyn?

No image

(20.3.23) Språkrådet er i gang med å samle inn tal for bruk av bokmål og nynorsk i det offentlege i 2022. I 2021 skreiv mange verksemder altfor lite nynorsk. Korleis det gjekk i 2022, veit vi ikkje ennå, men tala for 2023 kan verksemda di gjere noko med nå!

Språklova krev at departement og sentrale statsorgan kvart år rapporterer til Språkrådet om bruken av og fordelinga mellom bokmål og nynorsk i organet.

Her er nokre døme på kva verksemdene skal rapportere på:

  • Alle statlege skjema skal finnast i parallelle versjonar på bokmål og nynorsk. Kravet gjeld både papirskjema og digitale skjema.
  • Nettsidene til statsorgan med heile landet som tenestekrins (sentrale statsorgan) skal ha minimum 25 prosent og maksimum 75 prosent av kvart skriftspråk.
  • Når statlege organ skriv til ein kommune eller fylkeskommune, skal dei nytte skriftspråket kommunen eller fylkeskommunen har gjort vedtak om.

Saman med Nasjonalbiblioteket har Språkrådet laga eit verktøy som skal gjere det enklare for statsorgana å rapportere om bruken av bokmål og nynorsk. Det digitale verktøyet har fått namnet Målfrid.

Nå er det Målfrid som sjekkar fordelinga mellom bokmål og nynorsk på nettsidene til departementa og dei sentrale statsorgana.

For dei kategoriane som Målfrid ikkje haustar inn automatisk, bed vi framleis om eigenrapportering. Alle får eit digitalt skjema som Språkrådet bed om svar på innan 31. januar gjeldande år.

Språkrådet set saman tala frå Målfrid med resultata frå eigenrapporteringa. Både departement og sentrale statsorgan får deretter ei tilbakemelding om bruken av bokmål og nynorsk.

Nedanfor finn du hjelpemiddel som kan hjelpe verksemda di i arbeidet med å oppfylle føresegnene i språklova.

Hjelpemiddel
Oi, på nynorsk! – eit innføringskurs på nett
Blir du usikker når du skal skrive nynorsk? I dette nettkurset får du verktøy som gjer deg tryggare på å bruke nynorsk i arbeidskvardagen. Kurset eignar seg for alle tilsette i det offentlege.
Nynorsk øvingsrom
Finn ut kva du kan, og kva du bør øve meir på.
Nynorskhjelp
Her finn du råd og tips om kva du bør tenkje på når det gjeld nynorsk setningsbygnad og ordtilfang.
Nynorskordboka
Nynorskordboka (og Bokmålsordboka) gratis på nett.
Språklov.no
Nettstad der du finn informasjon om kva for plikter offentleg tilsette og offentlege organ har etter lova.
Slik arbeider dei som lukkast med nynorskarbeidet!
Sjekkliste for godt nynorskarbeid, del av ein mønsterpraksis for godt språkarbeid på språklov.no.
Lynkurs i språklova for kommunar og fylkeskommunar
Har du ansvar for opplæring i ein fylkeskommune eller kommune? Bestill eit gratis lynkurs om den nye språklova.
Stillingslysingar på nynorsk
Det kan vere vanskeleg å finne dei gode formuleringane i stillingslysingar på nynorsk. Her er eit tenkt døme med gode tips.
Administrativ ordliste bokmål-nynorsk
Lista er meint å vere eit hjelpemiddel for offentleg tilsette som skal skrive nynorsk i arbeidet sitt. Orda er plukka ut fordi dei er vanlege og nyttige i administrativt språk.
Sjekkliste for skribentar
Korleis kan du sørgje for at teksten din fungerer? Bruk sjekklista med generelle klarspråkstips.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:20.03.2023 | Oppdatert:27.04.2023