Høyring om framlegg til rettskrivingsendringar

No image

(13.3.23) Språkrådet har sendt ut ei ålmenn høyring med framlegg til endringar i rettskrivinga for nynorsk og bokmål. Endringsframlegga gjeld mellom anna fleirtalsformer av livmor og løvetann, endring i bøyinga av sjåast i nynorsk og endringar for ord med hv-/kv- i bokmål. Fristen for å sende høyringsfråsegn er 24. april.

Samansette ord som livmor, løvetann og hermegås er spesielle fordi etterleddet har uregelrett fleirtalsbøying når det står for seg sjølv, jf. nynorsk mor – mødrer, tann – tenner og gås – gjæser. Fleirtal av samansetningane følgjer ofte grunnordet, men vi ser òg døme på regelrett bøying der. Endringsframlegga legg opp til meir systematikk i fleirtalsbøyinga av slike ord, men med omsyn til bruken slik han ovrar seg i tekstar.

For verbet sjåast i nynorsk er det framlegg om å ta inn forma sjåast i presens som valfri form attmed dagens systemrette form sest. Sjåast som presensform er svært utbreidd i nynorsktekstar i dag.

På bakgrunn av ein systematisk gjennomgang av ord som i dag har valfridom mellom hv- og kv- i bokmål, gjer vi framlegg om å ta ut av norma ein del former som er lite brukte i bokmålstekstar. Det gjeld mellom anna formene kvit, kvile, kvelve og hvitbjørn. I andre ord, som hval/kval og hvin/kvin, er det ikkje framlegg om endring i norma.

Vidare er det framlegg om justeringar av genusnormeringa for nokre substantiv, blant dei fart og låt, framlegg til endringar i preteritum av ein del bokmålsverb med -y- i infinitiv og dessutan framlegg om endringar for somme enkeltord.

Språkrådet ønskjer fråsegner om dei konkrete framlegga som det er gjort greie for i høyringsnotatet, gjerne med tilvising til dei relevante normeringsprinsippa slik dei er formulerte i retningslinjene for normering.

Kven som helst kan sende inn høyringsfråsegn. Fråsegnene er offentlege etter offentleglova og blir publiserte på Språkrådets nettsider.

Frist for å sende høyringsfråsegn er 24. april 2023.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:13.03.2023 | Oppdatert:27.04.2023