Tek universiteta språkansvar?

No image

(20.5.22) Nynorsk i viktige tekstar, betre språkopplæring, medviten bruk av norsk og engelsk – slik vil Noregs største universitet arbeide for å følgje språklova.

AV SIGRID SØRUMGÅRD BOTHEIM

Noregs tekniske og naturvitskaplege universitet (NTNU) har 42 000 studentar og 9000 tilsette fordelt på tre studiestader. Ein tredel av dei tilsette og ein tidel av studentane kjem frå utlandet. Universitetet har eit budsjett på 10 milliardar. NTNU er med andre ord ein gigantisk institusjon, med eit tilsvarande stort språkansvar. Korleis vil universitetet følgje opp ansvaret det har etter språklova?

– Vi var godt førebudde da språklova tredde i kraft. Vi har hatt mykje merksemd rundt fagspråk og parallell bruk av norsk og engelsk, seier Tor Grande, prorektor for forsking og formidling.

Grande seier at NTNU har sett kor viktig det er å ha norske namn på dei sentra som er knytte til universitetet, og han viser mellom anna til debatten rundt Ocean Space Centre.

– Det ligg mykje symbolikk i namneval. Namn er svært synlege, og namnesaker har fått mykje merksemd i det siste, så i framtida kjem vi til å vera meir medvitne når vi skal velja namn. Akkurat nå har vi ei namnekonkurranse for å finne eit godt, norsk namn til Ocean Space Centre.

Grande legg til at han meiner at språklova er viktig for Noreg som nasjon, særleg fordi vi er eit lite land og eit lite språkområde. Han meiner òg at språklova er bra for NTNU, og at det gjeld å bruke lova som ei positiv drivkraft og eit godt verktøy for å løyse problem som universitetet har i dag.

Nye språklege retningsliner

Hausten 2021 vart det sett ned eit språkutval som skal revidere dei språklege retningslinene ved universitetet. Utvalet er snart ferdig med arbeidet og kjem til å leggje fram forslag til nye retningsliner og forslag til tiltak.

– Desse retningslinene skal setja oss i stand til å følgje språklova. Dei skal gjera oss meir medvitne om val av det eine eller andre språket, dei skal leggje til rette for betre språkopplæring, og dei skal innehalde forslag til løysingar på dei språklege utfordringane vi har i dag, seier Grande.

Er det mykje som har endra seg sidan dei førre retningslinene vart vedtekne i 2009?

– Ja, det har skjedd mykje. NTNU har vorte ein større organisasjon med eit mykje breiare samfunnsoppdrag. Vi har mange fleire bachelorprogram der norsk skal vera undervisningsspråket. Og vi har mange fleire tilsette som ikkje har norsk eller eit skandinavisk språk som morsmål. Samtidig har engelsk vorte enda sterkare som vitskapleg språk. Det er viktig for studentar og tilsette å meistre båe språka, og det krev både munnleg og skriftleg språkkompetanse. Difor kjem prinsippa og råda frå utvalet til å vera enda meir poengterte og grunngjevne enn dei gamle retningslinene.

Opplæring er det viktigaste og mest utfordrande

Grande trekkjer fram kompetanse og opplæring som det viktigaste grepet NTNU kan ta for å sikre eit systematisk språkarbeid.

– Vi er ein stor organisasjon, og vi må arbeide systematisk. Det viktigaste vi kan gjera, er å sørgje for god språkopplæring. Eg har inntrykk av at svært mange av dei vitskapleg tilsette som ikkje har eit skandinavisk språk som morsmål, ynskjer å lære norsk. Som institusjon har vi ikkje vore gode nok til å tilby opplæring og leggje til rette for å bruke ulike språk i ulike situasjonar.

Grande legg til at språkopplæringa også gjeld norske studentar og tilsette. For dei kan det vera særleg aktuelt å få opplæring i engelsk og nynorsk.

– Vi kan bli flinkare til å arbeide systematisk, nettopp difor har vi sett ned språkutvalet. Eit viktig tiltak er at språkpolitikken skal inngå i den overordna strategien for heile institusjonen. Truleg kjem vi òg til å setja ned eit språkpolitisk utval som skal følgje opp dei nye retningslinene.

Kva er det mest utfordrande?

– Akkurat nå har vi for lite kapasitet til språkopplæring. Vi arbeider intenst med det, særleg fordi vi veit at det kan koma svært mange flyktningar frå Ukraina. Dei må få opplæring i norsk raskt. Men vi treng også gode rutinar for språkopplæring på lang sikt.

Fagspråk er høgt prioritert

I formålsparagrafen i språklova står det mellom anna at norsk skal vera eit samfunnsberande språk. Det inneber at ein skal kunne bruke norsk overalt i samfunnet, også i akademia.

– Vi er opptekne av å vareta det norske fagspråket innan alle dei vitskaplege disiplinane. Ofte er det naturleg å publisere på engelsk, og forskarfellesskapa kommuniserer gjerne på engelsk. Men vi må også ha eit norsk fagspråk, det treng vi for eksempel når vi underviser på bachelornivå.

Det har vore fleire språkdebattar ved NTNU. Blant anna meiner nokre tilsette at engelsk er i ferd med å ta over som arbeidsspråk ved NTNU, medan andre meiner at det er for lite engelsk. Korleis ser du på balansen mellom norsk og engelsk ved universitetet?

– Eg meiner at det må vera tydeleg når ein skal velja det eine eller andre språket. Vi må vera medvitne om at ulike språk må brukast i ulike samanhengar. For eksempel er det eit prinsipp at norsk er undervisningsspråket på bachelornivå, og det er viktig at ikkje engelsk tek over meir og meir. Men på master- og doktorgradsnivå er det naturleg at det blir brukt meir engelsk

Men kva med nynorsken?

Det som tidlegare var mållova, med reglar for bruk av nynorsk og bokmål i staten, har i dag vorte ein del av språklova. Kvart år rapporterer alle statsorgan til Språkrådet om målbruken i tekstar som er meint for publikum. I rapporten for 2020 kan vi lesa at kunnskapssektoren jamt over bruker for lite nynorsk. Grande vedgår at NTNU har ein veg å gå for å etterleva krava i lova.

– Det viktigaste i eit kort tidsperspektiv er å velja nynorsk i viktige saker. For eksempel har rektor bestemt at årsrapporten for 2021 skal vera på nynorsk. Vi har også ein utviklingsavtale med Kunnskapsdepartementet som vi har valt å skrive på nynorsk. Eg har tru på eksempelets makt: Når vi vel nynorsk i viktige og synlege dokument, er det eit uttrykk for at vi tek nynorsk på alvor. På lang sikt må fleire lære seg å skrive god nynorsk. Vi kjem nok ikkje til å oppfylle språklova heilt med ein gong, men vi har ein intensjon om det, og vi går i riktig retning.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:20.05.2022 | Oppdatert:27.03.2023