Ledig stilling i Språkrådet (søknadsfristen er ute)

No image

(4.2.22) I stabsseksjonen vår er det ledig ei fast stilling som førstekonsulent/rådgivar. Vi ser etter deg som er fleksibel og serviceinnstilt og har god økonomi- og rekneskapsforståing. Om du i tillegg har kunnskap om statsforvaltninga, er det ein fordel. 

Språkrådet inngjekk i 2017 eit langsiktig samarbeid med Nasjonalbiblioteket og Norsk lyd- og blindeskriftbibliotek om samdrift av økonomi-, IKT- og personaltenester. Samarbeidet inneber at Nasjonalbiblioteket leverer desse tenestene til Språkrådet. Stabsseksjonen har det daglege ansvaret for å følgje opp dette samarbeidet.

Søknadsfrist: 24. februar 2022

Arbeidsoppgåver

Hovudinnhaldet i stillinga er arbeid med

  • hjelp til leiinga i budsjettarbeid og rapportering
  • rettleiing og leiarstøtte i økonomiarbeid
  • internkontroll og vedlikehald av internkontrolldokumentasjon
  • oppgåver i samband med innkjøp
  • tilskotsforvaltning
  • praktisk kontorhjelp, frå smått til stort
  • handtering av post

Når Språkrådet treng det, kan du bli beden om å utføre andre arbeidsoppgåver. 

Kvalifikasjonar

Du må ha

  • utdanning på bachelornivå innanfor økonomi og administrasjon
  • god munnleg og skriftleg framstillingsevne
  • god digital kompetanse og kunnskap om bruk av Microsoft 365 / Office 365
  • god evne til å arbeide sjølvstendig, strukturert og målretta
  • god kompetanse i bokmål og nynorsk

Personlege eigenskapar

Du må vere

  • fleksibel
  • serviceinnstilt
  • initiativriik
  • analytisk
  • nøyaktig

Du må òg ha gode samarbeids- og kommunikasjonsevner

Vi tilbyr

  • interessante faglege utfordringar i ein organisasjon med eit viktig samfunnsoppdrag
  • eit sterkt fagmiljø med kunnskapsrike og engasjerte kollegaer
  • trivelege kontorlokale sentralt i Oslo
  • subsidiert kantine
  • fleksibel arbeidstid
  • trening i arbeidstida
  • medlemskap i Statens pensjonskasse

Stillinga blir lønt som førstekonsulent i stillingskode 1408, kr. 454 200–499 500 kroner i året (lønssteg 49–55), eller som rådgivar i stillingskode 1434, kr. 507 600–553 500 (lønssteg 56–61), alt etter kvalifikasjonar og erfaring. For særs kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast.

Språkrådet meiner at inkludering og mangfald i arbeidslivet gjer at vi på ein endå betre måte kan utføre samfunnsoppdraget vårt. Derfor ønskjer vi medarbeidarar med variert kompetanse og livserfaring og ulike fagkombinasjonar og perspektiv. Vi oppmodar deg om å krysse av i søkjeportalen om du har nedsett funksjonsevne, hòl i CV-en eller minoritetsbakgrunn. Dersom det er kvalifiserte søkjarar i desse gruppene, vil vi kalle minst éin søkjar i kvar av gruppene til intervju. Om du har kryssa av og får jobben, vil vi leggje til rette for deg om du treng det. For å bli vurdert som søkjar i desse gruppene, det vil seie å bli positivt særbehandla, må søkjaren oppfylle nokre krav.

Avkryssingane i søkjeportalen dannar grunnlag for anonymisert statistikk som byggjer på rapportering frå alle statlege verksemder.
Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjaren kan bli gjorde offentlege sjølv om søkjaren har bede om å ikkje bli ført på søkjarlista, jf. lov om rett til innsyn i dokument i offentleg verksemd (offentleglova) § 25.

 

Kontakt:

Jo Inge Fisketjøn
stabssjef
92 45 48 34

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:04.02.2022 | Oppdatert:22.03.2022