Lær av dei beste: mønsterpraksis på språklov.no

No image

(22.3.22) På nettstaden språklov.no får offentlege verksemder rettleiing om pliktene dei har etter språklova, og kva dei kan gjere for å etterleve lova. Ein mønsterpraksis for språkarbeid inneheld òg konkrete eksempel frå verksemder som lykkast.

På framsida av språklov.no ligg seks blå boksar. Dei er inngangar til viktige og etterspurde tema i den nye språklova som tok til å gjelde 1. januar 2022. I ein av boksane står det: «Kva gjer dei som lykkast?» Innhaldet ein kjem til ved å klikke på denne boksen, er laga etter samtalar med offentlege verksemder som lykkast med språkarbeidet sitt. Vi kallar det ein mønsterpraksis for språkarbeid. Her kan alle finne konkrete tilrådingar om aktivitetar dei kan gjennomføre på arbeidsplassen sin. Her ligg òg sjekklister for språkarbeid på fleire av dei områda som språklova dekkjer: nynorskarbeid, arbeid for eit klart og korrekt språk, norsk teiknspråk, norsk fagspråk og terminologi og språkteknologi på norsk. (Sjekklister for dei nasjonale minoritetsspråka kjem om kort tid.)

– Nokon av tilrådingane er det nok fleire som allereie følgjer der dei jobbar, trur direktøren i Språkrådet Åse Wetås. – Og det er bra!

– Ulike verksemder har litt ulikt ansvar etter lova, og dei skal alle finne gode måtar å handtere ansvaret sitt på. Tilrådingane på språklov.no er ikkje den einaste vegen til målet, men ved å følgje desse råda og ta i bruk sjekklistene i språkarbeidet legg verksemda grunnlaget for å oppfylle krava i språklova, seier ho.

Under kvar tilråding i mønsterpraksisen ligg konkrete eksempel på tiltak og rutinar som offentlege verksemder har gjennomført på arbeidsplassen, og som har verka.

Da Statens pensjonskasse skulle kommunisere pensjonsreforma til ein million medlemmar, var utfordringa å gjere eit vanskeleg tema – pensjon – mogleg å skjøne for alle. Dette er ei kjent utfordring i offentleg sektor. Pensjonskassa brukte norsk teiknspråk og klarspråk for å lage ei løysing som alle kunne bruke. Røynslene frå dette arbeidet vart tekne inn i alt informasjonsarbeidet i pensjonskassa i etterkant.

Toppleiaren i Nav gjekk ut i ein kronikk i Aftenposten og sa at klart språk er eit av dei fem viktigaste tiltaka for å gjere Nav betre. Han er dessutan fast gjest i organisasjonens språkpodkast På godt NAVsk. Slik viser han mellomleiarar og tilsette kor viktig språksatsinga er i Nav.

I klima- og miljødepartementet har dei gjennomført ein nynorskkampanje. Alle dei tilsette vart oppmoda til å ta ein nynorsktest, og statsråden var først ute. Testen følgde dei opp med ei rekkje tilbod og tiltak til alle tilsette.

Les meir om alle kampanjetiltaka i departementet og mange fleire eksempel på godt språkarbeid på offentlege arbeidsplassar under «Mønsterpraksis» på språklov.no.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:22.03.2022 | Oppdatert:18.08.2022