Korleis forvaltar staten sin eigen språkpolitikk?

No image

(13.6.22) I 2021 vedtok Stortinget ei ambisiøs språklov for norsk og dei andre språka Noreg har eit særleg ansvar for. Eit hovudføremål med lova er å styrkja ytringsfridom, rettstryggleik og toleranse i samfunnet vårt. Det skal skje gjennom systematisk arbeid for at norsk språk – nynorsk og bokmål – skal vera i bruk på alle samfunnsområde. Men kva gjer staten?

Kronikk i Morgenbladet
Av Åse Wetås, direktør i Språkrådet

«Vi ser ingen framgang, til tross for tilbakemeldingen vi sendte dere i fjor og rådene vi ga dere da.» Denne tilbakemeldinga sende Språkrådet nyleg til Helse- og omsorgsdepartementet (HOD) i ei vurdering av innsatsen departementet la ned i 2021 for å styrkja bruken av nynorsk i eigne tekstar. I dokumenta HOD leverte til Stortinget i året som gjekk (stortingsproposisjonar og stortingsmeldingar), var nynorsk brukt i 0,3 % av tekstmengda. Året før presterte departementet 0,4–0,5 % nynorsk i desse tekstkategoriane. I andre kategoriar kryp departementet over frå promille til prosent i språkvekslinga.

Kravet til språkveksling i lova er at sentrale statsorgan skal bruka minst 25 % av både bokmål og nynorsk i allment tilgjengelege dokument. HOD har langt att dit. Føremålet med lova er likevel mykje viktigare enn kravet i seg sjølv: Det systematiske språkarbeidet skal leggja til rette for ytringsfridom, rettstryggleik og toleranse. For staten handlar språkarbeid òg om å byggja tillit hos innbyggjarane.

Er HOD aleine på botnen av lista? På ingen måte! Utanriksdepartementet og Finansdepartementet brydde seg ikkje eingong med å svara på brevet frå Språkrådet der me bad dei om å utlevera språkrapportar for 2021, sjølv om § 20 i språklova gjev dei pålegg om å utlevera slike data. Finansdepartementet svara forresten ikkje på tilsvarande brev frå Språkrådet i fjor heller. Me veit likevel ein god del om korleis det står til med oppfølginga av språkpolitikken og språklova på dette punktet i desse to departementa, for kontrollen av tekstane dei legg ut på nett, skjer nå delvis automatisk. Fasiten er at korkje Finansdepartementet eller Utanriksdepartementet er i nærleiken av å oppfylla dei språklege pliktene dei har overfor innbyggjarane i Noreg og overfor norsk som samfunnsberande kultur- og bruksspråk.

Praksisen forsterkar problema

Når sentrale departement ikkje følgjer opp lov og vedteken politikk på språkfeltet, skjer følgjande: Det blir stadig vanskelegare å halda oppe nynorsk som likestilt norsk bruksspråk. Nynorsk forvaltningsspråk og nynorsk fagterminologi kan ikkje leva og utvikla seg dersom departement og sentrale statsorgan i Noreg vel å bruka nesten berre bokmål. For kvart år departementa ikkje tek på alvor ansvaret for å utvikla nynorsk som likestilt samfunnsberande språk, gjer dei det litt vanskelegare å bruka nynorsk i statstenesta. Dei gjer det vanskelegare å utvikla språkteknologien som må til for at digitale brukartenester skal vera tilgjengelege på nynorsk. Dei gjer det vanskelegare å skriva stortingsmeldingar og NOU-arbeid på nynorsk. Dei gjer det vanskelegare å få eigne underliggjande verksemder – direktorat og etatar – til å ta sin del av ansvaret for å forvalta begge dei norske skriftspråka. Og dei gjer det endå litt vanskelegare å vera nynorskbrukar i Noreg.

Kva må til?

Den nye språklova seier at offentlege verksemder har eit «særleg ansvar for å fremje nynorsk som det minst bruka norske skriftspråket». Det burde vera ei klar melding. For å få dette til må departementa skaffa seg nynorskkompetanse. Alle leiarar må ta ansvar for god lovetterleving og politikkoppfølging i eiga avdeling eller eigen seksjon, og det må vera plan og systematikk i arbeidet. Korleis skal ein sikra god språkveksling i lovarbeid og stortingsproposisjonar? Ved å planleggja. Korleis skal departementet levera på denne delen av språkpolitikken? Ved å utøva leiaransvar, stilla relevante krav til kompetanse og gjennom å bruka nynorsk i praksis! Og som eit lite og heilt gratis tips på tampen:

Departement og andre statsorgan som ønskjer råd, rettleiing og gode verktøy til systematisk språkarbeid i verksemda, finn dette og meir til på språklov.no.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:13.06.2022 | Oppdatert:08.09.2022