Fristen for målbruksrapporteringa går snart ut!

No image

(26.1.22) Måndag 31. januar er siste frist for å sende rapport om bruken av nynorsk og bokmål i 2021 til Språkrådet.

Alle sentrale statsorgan har vore omfatta av reglane i mållova, som mellom anna seier at ein skal bruke minst 25 prosent av kvart skriftspråk i all informasjon til allmenta. Tilsynet med etterleving av desse reglane er viktig fordi mange språkbrukarar ikkje får oppfylt rettane sine.

God vilje

I dei aller fleste tilfella er det nynorsken som er underrepresentert. Men etter rapporteringa for 2020 tok fleire statsorgan kontakt med Språkrådet for å få rettleiing og råd om målbruken. Det ser altså ut til at stadig fleire statsorgan no er opptekne av å oppfylle krava i lova, og Språkrådet ser fram til å få rapportane for 2021.

Andre året med Målfrid

I rapporteringa for 2021 blir verktøyet Målfrid brukt for andre gong. Målfrid er ein digital innhaustar av språkdata som gjer det lettare for statsorgana å rapportere om målbruken. Målfrid sjekkar målvekslinga på nettsidene til dei sentrale statsorgana og i stortingsdokumenta til departementa.

For språkdata som Målfrid ikkje haustar inn automatisk, ber vi framleis om eigenrapportering. Alle statsorgan har fått eit Questback-skjema som Språkrådet ber om svar på innan 31. januar 2022.

Med Målfrid blir tilsynet meir effektivt for både statsorgana og Språkrådet, noko som gjev meir tid til god dialog. Kvart statsorgan får ei tilbakemelding frå Språkrådet i løpet av våren.

Frå mållov til språklov

1. januar 2022 vart mållova avløyst av språklova. Reglane om veksling mellom nynorsk og bokmål er stort sett dei same for dei sentrale statsorgana, og Språkrådet vil halde fram med å føre tilsyn med oppfølging av språklova på same måte som med mållova.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:26.01.2022 | Oppdatert:22.03.2022