Vikariat som seksjonssjef (søknadsfristen er ute)

No image

(19.5.21) Seksjonssjefen i seksjonen for fagspråk og språk i samfunn og høgare utdanning skal delta i eit lengre forskingsprosjekt. Vi treng derfor ein vikar for henne i perioden 1. august 2021 til 31. juli 2025. 

Ei av dei viktigaste oppgåvene til seksjonen er å fremja statusen til og bruken av det norske språket på område der det er under press.

Seksjonen har særleg ansvar for desse arbeidsområda:

  • terminologi og fagspråk
  • språkbruk i høgare utdanning og forsking
  • språk i arbeids- og næringslivet
  • språk i kultur- og medietilbodet
  • språk i digitale verktøy og tenester
  • strategisk språkrøkt og språklege rettar i samfunnet
  • norsk teiknspråk

Seksjonssjefen er med i Språkrådets leiargruppe og har både strategiske og operative oppgåver. Seksjonssjefen har plan- og budsjettansvaret for sin seksjon og personalansvar for dei tilsette i seksjonen. I dag har seksjonen ni medarbeidarar, medrekna seksjonssjefen.

Søknadsfrist: 2. juni 2021

Kvalifikasjoner

Skal du søkja stillinga, må du ha

  • utdanning på minst mastergradsnivå eller tilsvarande, med språkfag i fagkrinsen
  • gode samfunnskunnskapar
  • god kjennskap til språkpolitikk
  • særs gode strategiske evner
  • relevant leiarerfaring
  • solid og relevant erfaring frå språkfagleg arbeid
  • god forvaltningskompetanse
  • svært god formuleringsevne og solid kompetanse i norsk (både bokmål og nynorsk)

Det er ynskjeleg at du

  • kan bidra til å kommunisera samfunnsoppdraget som Språkrådet har, til eksterne målgrupper
  • er ein tydeleg leiar som kan bidra til å løfta det strategiske arbeidet i Språkrådet
  • er god til å sjå samanhengar, samordna, prioritera og delegera oppgåver og motivera medarbeidarar
  • har erfaring med personalleiing

Relevant arbeidserfaring kan vega opp for manglande formalkompetanse. Vi legg vekt på personlege eigenskapar og gode samarbeidsevner.

Vi tilbyr

  • interessante faglege utfordringar i ein organisasjon med eit viktig samfunnsoppdrag
  • høve til å påverka utviklinga av norsk fagspråk
  • eit sterkt fagmiljø med kunnskapsrike og engasjerte kollegaer
  • trivelege kontorlokale sentralt i Oslo
  • subsidiert kantine
  • fleksibel arbeidstid
  • høve til å trena i arbeidstida
  • medlemskap i Statens pensjonskasse

Stillinga blir lønt som seksjonssjef i stillingskode 1211, 708 000–792 700 kroner i året (lønssteg 75–79), alt etter kvalifikasjonar og erfaring.  

Språkrådet er opptatt av inkludering og mangfald i arbeidslivet. Derfor ynskjer vi medarbeidarar med variert kompetanse og livserfaring og ulike fagkombinasjonar og perspektiv. Vi oppmodar deg til å kryssa av i søkjeportalen om du har nedsett funksjonsevne, hòl i CV-en eller minoritetsbakgrunn. Dersom det er kvalifiserte søkjarar i desse gruppene, vil vi kalla inn minst éin av dei til intervju. Vi vil leggja til rette for medarbeidarar som treng det. Avkryssingane i søkjeportalen dannar grunnlag for anonymisert statistikk som byggjer på rapportering frå alle statlege verksemder.

Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjaren kan bli gjorde offentlege sjølv om søkjaren har bede om å ikkje bli ført på søkjarlista, jf. lov om rett til innsyn i dokument i offentleg verksemd (offentleglova) § 25.

Søknadsfrist: 2. juni 2021


Nærmare opplysningar om stillinga får du av direktør Åse Wetås på telefon 91 58 49 33.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:19.05.2021 | Oppdatert:30.06.2021