Det store i det stille

No image

(18.10.21) Språkprisen 2021 går til Katrine Sele for skarpe innblikk i store politiske spørsmål og i sjølve tilværet gjennom lagnaden til menneska i bøkene Jølster hotell. Historier frå eit asylmottak (2017) og Einars bok (2021). Vi gratulerer!

Sele bur i Jølster i Sunnfjord og har vore aktiv som skribent og forfattar i tjue år. Gjennom desse åra har ho «utvikla ein konsistent, eigenarta portrettkunst i skrift», skriv juryen i grunngjevinga si. «Det liknar eit paradoks at ein som sjølv er så diskré til stades i bøkene ho skriv, samstundes gjev forteljingane eit så personleg avtrykk, men lesaren skjøner raskt at den stillfarande forteljemåten er sjølve kunststykket.»

Fordomsfri innleving som motvekt til sjølviske perspektiv i samtida?

Forteljarstilen til Sele står i stille og meiningsberande kontrast til dei opprivande og dramatiske hendingane i bøkene, seier juryen, og heidrar forfattaren for «grundig førearbeid, stor merksemd og ei sjeldan evne til innleving, til å sjå kven den andre er, lausrive frå eigne fordomar og førestillingar». Juryen stiller òg spørsmålet om det ligg ein samtidskommentar i sjølve forteljargrepet til Sele her, «ei form for protest eller motstand» mot «ein tidsalder dominert av sosiale medium, og som kanskje først og fremst legg til rette for at ein blir forblinda av eigne ønske og behov»?

Sjå juryleiar Kaja Schjerven Mollerin i samtale med prisvinnar Katrine Sele under prisutdelinga på Sakprosafestivalen 2021 laurdag 23. oktober klokka 13–14 på Litteraturhuset i Oslo.

Velkomen!

Utdelinga blir strøymd og teiknspråktolka.
 

Om bøkene

Tematikken i dei to bøkene som Sele mottek prisen for, er dramatisk anten på det personlege planet eller – for Jølster hotell – både storpolitisk og personleg for menneska i boka.  Det er krig og vald, flukt og lengt. Det er sjukdom, daude og tap, men endå meir levd liv. Juryen skriv dette om dei to bøkene:

I Jølster hotell oppsøkjer [Sele] flyktningar på det gamle Jølster hotell, som i nokre år vart omgjort til asylmottak. Ho fortel om reisa deira, frå dei forlèt heimlandet til dei finn ein ny, førebels heim i Noreg. Sele har omsorg for dei individuelle erfaringane, dei ulike personlegdomane, men framhevar òg fellesskapet som oppstår på tvers av dei. Med denne boka går ho inn i dei store politiske spørsmåla i vår tid: vald, krig, heimløyse, asylpolitikk. 

I Einars bok handlar det snarare om eitt liv og det hjarteskjerande dramaet i éin familie. Sele skriv direkte og varsamt om ein liten gutt som heitte Einar, som vart fire og eit halvt år og éin dag. Like før han fylte to år, vart det klart at han hadde metakromatisk leukodystrofi, ein alvorleg nervesjukdom som gradvis, i mange tilfelle raskt, svekkjer musklane og rørsleevna, lungene og pusteevna, etter kvart òg synet, høyrselen og heile sanseapparatet. Men Einar var òg ein gut som levde eit rikt og travelt småbarnsliv. Einars bok er ein biografi i den rette tydinga av ordet: Det dreier seg om eit liv, ikkje ein sjukdom.

 

Kontakt:

juryleiar Kaja Schjerven Mollerin, tlf. 46 79 92 40
direktør i Språkrådet Åse Wetås, tlf. 91 58 49 33

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:18.10.2021 | Oppdatert:03.01.2022