Norskkompetanse blant arbeidstakarar fødde i utlandet

(7.12.20) Kva for tilknytning du har til arbeidslivet, og om du har familie eller ikkje i Noreg, er viktige faktorar for i kva grad du lærer norsk. Det viser ei ny undersøking om arbeidstakarar i Noreg som er fødde i utlandet.

På oppdrag frå Språkrådet har forskingsstiftinga Fafo undersøkt tre ulike verksemder der det arbeider mange som er fødde i eit anna land enn Noreg. Fafo har intervjua arbeidstakarar, arbeidsgjevarar og tillitsvalde om norskkompetanse og om språkleg kommunikasjon på arbeidsplassen. 

Ei verksemd i byggebransjen, ein sjukeheim og eit universitetsinstitutt er undersøkt.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:07.12.2020 | Oppdatert:07.12.2020