Språknøytrale kommunar kan no få nynorskpris

No image

(4.6.19) Prisen «Årets nynorskkommune» treng ikkje lenger å gå til ein nynorskkommune. No opnar Kulturdepartementet for å inkludere språknøytrale kommunar som legg godt til rette for nynorskbruk.

Tradisjonelt har prisen vore reservert for kommunar med nynorsk målvedtak. No kan også andre kommunar som legg godt til rette for bruk av nynorsk, bli årets nynorskkommune.

– I nøytrale kommune hamnar nynorsken ofte i ein utsett posisjon. Føremålet med prisen er å trekkje fram kommunar som er gode førebilete i arbeidet for å styrkje nynorsken. Her har også nøytrale kommunar gjort mykje godt språkarbeid. Difor kan årets nynorskkommune like gjerne vere ein nynorskvenleg nøytral kommune, seier seksjonssjef Margrethe Kvarenes i Språkrådet.

Godt arbeid i kommunereforma

Prisen går til ein kommune som tar særleg godt vare på det nynorske skriftspråket. I vurderinga vil juryen leggje ekstra vekt på eit godt og medvite arbeid for å sikre nynorsken i kommune- eller fylkesreforma.

– Det er viktig å løfte fram og rose kommunar som fremjar nynorsk. På denne måten er dei med på å sikre at nynorsk blir brukt på alle område i samfunnet, seier Kvarenes, som leier juryarbeidet på vegner av Kulturdepartementet.

I juryen sit også representantar for Nynorsk kultursentrum, Landssamanslutninga av nynorskkommunar, Noregs Mållag og KS.

No kan alle nominere kommunen sin

Tidlegare har kommunane sjølve måtta søkje om å vere med i tevlinga. I år inviterer Kulturdepartementet til ein nominasjonsprosess, for å gjere prisen meir tilgjengeleg. Alle som er stolte av nynorskarbeidet i kommunen eller fylkeskommunen sin, kan nominere ein kandidat til årets nynorskkommune.

– Vi håpar at ordførarar, tilsette i kommunane og innbyggjarar blir med på å nominere, seier Kvarenes.

Den heldige vinnaren får 100 000 kroner. Det er fullt mogeleg å nominere kommunar eller fylkeskommunar som har vore med før.

 

Kontakt

juryleiar Margrethe Kvarenes, tlf. 948 94 789

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:04.06.2019 | Oppdatert:09.08.2019