Språk i akademia – frå gode intensjonar til gode prestasjonar

No image

(31.10.19) Språkrådet inviterer til frukostseminar om språkpolitikken ved UiB, NHH og HVL. Frukostseminaret blir arrangert på Litteraturhuset i Bergen torsdag 21. november.

Både Universitetet i Bergen, Noregs handelshøgskole og Høgskulen på Vestlandet vil ha vedteke nye språkpolitiske retningsliner når seminaret går av stabelen. Prorektor Margareth Hagen ved UiB, rektor Øystein Thøgersen ved NHH og prorektor Liv Reidun Grimstvedt ved HVL forklarar kva dei trur må gjerast for å unngå at retningslinene endar som bortgøymde skrivebordsdokument.

På seminaret vil også desse spørsmåla bli drøfta:

  • Korleis kan utdanningsinstitusjonane etablere ein språkpolitikk som bidreg til at studentane meistrar faget sitt på både norsk og engelsk?
  • Korleis kan UiB, NHH og HVL dra nytte av kvarandre og eventuelt samarbeide når dei skal gjennomføre språkstrategiane sine?
  • Korleis kan Vestlandet bli ein føregangsregion for god språkpolitisk praksis i høgare utdanning?

Frå Københavns Universitet kjem Helen Sværke, senteradministrator ved Center for Internationalisering og Parallelsproglighed, for å fortelje om den rolla senteret har i internasjonaliseringa ved dette universitetet.

Direktør i Språkrådet, Åse Wetås, ønskjer velkommen og gir ei kort innleiing om norsk fagspråk i høgare utdanning.

Frukostseminaret blir avrunda med eit ordskifte mellom innleggshaldarane. Ordstyrar er Hilde Sandvik.

Stad: Litteraturhuset i Bergen, møterommet Olav H. Hauge
Tid: torsdag 21. november kl. 9.00–11.00 

Det blir servert kaffi, te og lett frukost frå kl. 8.30.

 

---

PS. Språkrådet arrangerer også heildags grunnkurs i terminologiarbeid på Litteraturhuset i Bergen dagen etter, 22. november. Les meir og meld deg på.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:31.10.2019 | Oppdatert:14.11.2019