Norsk når du kan, engelsk når du må

No image

(11.1.19) Vi bruker stadig fleire engelske ord, særleg innanfor teknologifeltet. Ta ein kikk på lista vår over framlegg til norske avløysarord, og få inspirasjon til å bruke norske ord der du kan.

– Om dei engelske orda blir for etablerte i norsk, er det vanskeleg å få på plass eit avløysarord. Av og til kan det vere fornuftig å ta inn engelske ord, seier språkdirektør Åse Wetås og nemner ordet «stress» som døme.

Ord som «minnepinne» og «nettbrett» er gode døme på engelske ord som har fått velfungerande norske avløysarar.

– Nye norske ord kan verke rare når me ikkje har møtt dei før, men når dei fell inn i språket og blir innarbeidde, verkar dei heilt naturlege, seier Wetås.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:11.01.2019 | Oppdatert:09.08.2019