Mastergradsstipend: språk i medietilbodet retta mot barn og unge

No image

(2.7.19) Språkrådet skal dele ut eit stipend til ein student som skriv masteroppgåve om språk i medietilbodet retta mot barn og unge. Alle studentar som arbeider med relevante problemstillingar, kan søkje. 

Aktuelle tema kan vere:

  • omfang og bruk av engelsk og norsk i media som rettar seg mot norske barn og unge
  • omfang og bruk av nynorsk i media som rettar seg mot norske barn og unge

Døme på medium ein kan sjå nærare på: strøymetenester, fjernsyn, sosiale medium, dataspel, YouTube og liknande.

Søknaden må innehalde:

  • ei skisse på éi side som gjer greie for problemstillinga og metoden og for kor langt ein er komen i arbeidet
  • ei fråsegn frå rettleiaren
  • ei utdjuping av problemstillinga og metoden, maksimum tre sider

Stipendet er på 20 000 kroner.

NB! Ny søknadsfrist: 25. oktober 2019. Søkjarane må merkje søknaden «Språk og media». Send søknaden per e-post til: post@sprakradet.no.

Har du spørsmål, kan du kontakte Lars Ivar Nordal

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:02.07.2019 | Oppdatert:01.10.2019