Fylkesmannen i Vestfold og Telemark og mållova

(18.1.19) Den 1. januar 2019 vart Fylkesmannen i Vestfold og Fylkesmannen i Telemark slått saman til eitt embete: Fylkesmannen i Vestfold og Telemark. Den siste veka har det vore ei viss mediemerksemd om at det nye fylkesmannsembetet har nynorsk som tenestemål etter lov om målbruk i offentleg teneste (mållova) og forskrift om målbruk i offentleg teneste.

Det saka gjeld, er tenestemålet for Fylkesmannen i Vestfold og Telemark, som er eit regionalt statsorgan underlagt Kommunal- og moderniseringsdepartementet. Merk at det ikkje er tale om den nye Vestfold og Telemark fylkeskommune, som skal opprettast 1. januar 2020. Fylkeskommunen vel si målform uavhengig av Fylkesmannen. Det er derfor upresist å hevde at Vestfold og Telemark skal vere eit «nynorskfylke».

Kvifor fekk Fylkesmannen nynorsk som tenestemål i 2019?

Fylkesmannen i Vestfold og Telemark er eit regionalt statsorgan som fekk nynorsk som tenestemål då embetet vart oppretta. I forskrifta til mållova står det at tenestemålet til eit regionalt statsorgan er den målforma fleirtalet av kommunane i tenestekrinsen har vedteke (§ 5 andre ledd). Ein ser bort frå dei språkleg nøytrale kommunane i samanlikninga, men dersom over halvparten er nøytrale, finst det ikkje noka fleirtalsmålform etter lova (jf. mållova § 7 andre ledd). Då er fylkesmannsembetet språknøytralt. Kommunar som ikkje gjer vedtak, er å rekne som språkleg nøytrale.

I Telemark er det 8 nynorskkommunar og 10 språknøytrale kommunar, og i Vestfold er det 6 bokmålskommunar og 3 nøytrale kommunar. I det nye fylkesmannsembetet er det dermed 8 nynorskkommunar og 6 bokmålskommunar, altså 14 til saman, mot 13 nøytrale kommunar. Derfor er nynorsk fleirtalsmålforma. Ei oppdatert oversikt over kommunale målvedtak etter mållova finst i forskrift om målvedtak i kommunar og fylkeskommunar. Sjå òg tabellen under.

Kva blir tenestemålet til Fylkesmannen i Vestfold og Telemark i 2020?

Frå 1. januar 2020 skal det gjennomførast fleire kommunesamanslåingar i Vestfold og Telemark. Sidan må det gjerast opp status for tenestemålet til fylkesmannsembetet på nytt. Utfallet er avhengig av

a) målvedtaka i dei nye, samanslåtte kommunane
b) eventuelle endringar i målvedtaka til dei kommunane som ikkje blir råka av samanslåing i 2020

Kva vil det seie å ha tenestemål?

Det at Fylkesmannen i Vestfold og Telemark har nynorsk som tenestemål, tyder først og fremst at «rundskriv, kunngjeringar, informasjonstilfang o.l.» skal vere på nynorsk, jf. mållova § 8 andre ledd. Dette omfattar både digitale dokument (t.d. nettsider) og papirdokument. I brev til andre statsorgan skal fylkesmannsembetet bruke nynorsk (jf. forskrifta § 5 andre ledd).

Jamvel om Fylkesmannen i Vestfold og Telemark har nynorsk som tenestemål, både kan og skal embetet bruke bokmål i ein del samanhengar:

  • Private skal få svar i si eiga målform (mållova § 6 første ledd).
  • Fylkesmannen skal skrive til bokmålskommunar på bokmål og til nynorskkommunar på nynorsk (mållova § 6 andre ledd).
  • Fylkesmannen kan fritt velje målform i interne dokument (mållova § 2 første ledd).
  • Skjema (både elektroniske og på papir) skal vere tilgjengelege på både bokmål og nynorsk (mållova § 8 fjerde ledd).
Oversikt over tenestemål for kommunane og fylkesmannsembeta frå 1. januar 2019
  Bokmålskommunar Nynorskkommunar Nøytrale kommunar Tenestemål
Fylkesmannen i Oslo og Viken 46 3 13 bokmål
Fylkesmannen i Innlandet 24 7 17 bokmål
Fylkesmannen i Vestfold og Telemark 6 8 13 nynorsk
Fylkesmannen i Agder 11 6 13 bokmål
Fylkesmannen i Rogaland 3 11 12 nynorsk
Fylkesmannen i Vestland 0 56 3 nynorsk
Fylkesmannen i Møre og Romsdal 1 22 12 nynorsk
Fylkesmannen i Trøndelag 12 0 36 nøytral
Fylkesmannen i Nordland 23 0 21 bokmål
Fylkesmannen i Troms og Finnmark 24 0 19 bokmål

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:18.01.2019 | Oppdatert:09.08.2019