Ein læreplan utan tiltak for språkleg likestilling

No image

(25.11.19) Ei svekking av nynorsken i opplæringa kan få alvorlege konsekvensar for den samla norskkompetansen til elevane og for nynorskkompetansen i samfunnet. Det vil vera eit brot på norsk språkpolitikk.

– Noreg har ein god og demokratisk språkpolitikk som særleg tek vare på det språklege mindretalet. Politikken som Stortinget har vedteke, gjev klart uttrykk for at bokmål og nynorsk er likestilte skriftspråk, seier Åse Wetås, direktør i Språkrådet.

For skulen bør det innebera ei satsing på nynorsk både som sidemål og hovudmål. Men den nye læreplanen i norsk inneheld få tiltak som styrkjer nynorskopplæringa, og han tek ikkje omsyn til dei særlege utfordringane for nynorskelevane i skulen.

Tidleg start

– Det er positivt at den første skriveopplæringa skal gå føre seg på eleven sitt eige hovudmål. Nynorskelevane treng å vera omgjevne av nynorsk tidleg i skulelaupet. Men det aleine aukar ikkje tilgjenget til nynorsk for nynorskbrukarane, presiserer Wetås.

Det har kome inn eit nytt kompetansemål som inneber at elevane skal ha utforska skriving på sidemål etter fjerde årstrinn. Dette er bra for dei som har bokmål som hovudmål. Tidleg start med sidemålet er eit tiltak som kan vera positivt for nynorsken på lengre sikt.

Men for nynorskelevane er ikkje tidleg start med bokmålet noko godt tiltak. Nynorskelevane badar dagleg i bokmål. Ein studie som vart gjennomført av Blekesaune og Vangsnes i 2018, syner at nynorskelevane faktisk er betre i bokmål enn i nynorsk. Nynorskelevane treng først og fremst å møta meir nynorsk for å bli trygge på skriftspråket sitt.

Sidemålskarakteren

Elevane skal ikkje lenger få karakter i sidemål i halvtårsvurderinga på 8. årstrinn, på 9. årstrinn og på vg1 og vg2.

– Dersom ein fjernar karakteren, må nynorsken på anna vis kome styrkt ut i læreplanen, og vurderingsgrunnlaget må vera tydeleg og spesifisert på alle årstrinna, seier Wetås. Slik læreplanen ser ut no, kan vurderingsgrunnlaget for sidemål etter 8. og 9. årstrinn i verste fall vera ei lita reklametekst.

Departementet motiverer fjerninga av undervegsvurderinga i sidemål med funn i NIFUs rapport om karakterforsøk i norsk. Språkrådet har fleire gonger peikt på at framlegget om karaktersamanslåinga manglar kunnskapsgrunnlag. Rapporten frå NIFU viser at elevane i forsøket ikkje lærer nynorsk og bokmål betre, og mange gjev uttrykk for at dei tykkjer det er vanskeleg å bli motiverte for læring når dei ikkje får karakterar.

I sluttvurderinga skal eleven framleis ha eigen sidemålskarakter, men elevane skal ikkje lenger vurderast like strengt som i hovudmålet. Språkrådet fryktar at nynorsken, som for dei fleste er sidemål, vil bli prioritert lågare av både elevar og lærarar.

Kva med djuplæringa?

Eit av dei viktigaste føremåla med dei nye læreplanane er å gje elevane djupkunnskap. Språkrådet kan ikkje sjå korleis elevane skal få djupkunnskap om norsk språk når planverket ikkje lenger inneheld tydelege formuleringar om krav til opplæring i språkhistorie og dialektmangfald, og når det samstundes blir færre vurderingar og anna vurderingsgrunnlag i sidemål.

Eit av dei sentrale måla i den norske språkpolitikken er å hindra målbyte frå nynorsk til bokmål. Språkrådet vil no vurdere informasjonstiltak og andre støttetiltak som kan styrkje norskkompetansen til elevane slik at dei får høve til å bli trygge språkbrukarar, både på bokmål og nynorsk. Det vil Språkrådet gjera i samtale og samarbeid med utdanningsstyresmaktene, forlaga, skuleeigarane og lærarane.

 

Kontakt:

seksjonssjef i Språkrådet Margrethe Kvarenes, tlf. 94 89 47 89.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:25.11.2019 | Oppdatert:25.11.2019