Frukostmøte med «Årets nynorskkommune»

No image

(2.10.19) Kulturdepartementet og Språkrådet deler ut prisen Årets nynorskkommune 2019 på eit frukostmøte på Kulturhuset i Oslo 21. oktober.

Kvart år deler Kulturdepartementet ut prisen til ein kommune eller fylkeskommune som legg godt til rette for nynorsken. I år vil prisen gå til ein kommune som har gjort eit godt og medvite arbeid for å sikre nynorsken i kommune- og fylkesreforma. Vinnaren får 100 000 kroner, og prisen blir delt ut av kulturminister Trine Skei Grande.

Kva slags språkansvar bør kommunane ta?

I samband med utdelinga av prisen blir det arrangert ein språkdebatt. Det er ikkje berre eit nasjonalt ansvar å følgje opp den norske språkpolitikken, det er òg eit fylkeskommunalt og kommunalt ansvar. Dette ansvaret er så viktig at det nå blir nedfelt i føremålsparagrafen i framlegget til ny språklov.

Paneldeltakarane får svara på korleis dei arbeider for å styrkje og utvikle det norske språket. Det vil òg bli diskutert korleis kommunane og fylkeskommunane kan vera aktive pådrivarar for språkleg mangfald i åra som kjem.

Panelet:

Åse Wetås, direktør i Språkrådet

Eva Vinje Aurdal, ordførar i nye Ålesund kommune

Tor Arne Gangsø, områdedirektør i KS

Even A. Hagen, fylkesordførar i Innlandet fylkeskommune

Jens Kihl er debattleiar.

Program:

08.30     Enkel frukost og kaffi

09.00     Velkomen og framsyning av filmsnutt

09.10     Utdeling av prisen Årets nynorskkommune

09.30     Paneldebatt

10.15     Slutt

Tid: 21. oktober kl. 08.30–10.30

Stad: Kulturhuset, Youngs gate 6, Oslo

Arrangementet er gratis og ope for alle.

Sjå video frå Vinje, årets nynorskkommune i 2018.

Logoer

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:02.10.2019 | Oppdatert:18.10.2019