Er din kommune årets nynorskkommune 2018?
(15.10.18) Jobbar du i ein nynorskkommune som gjer ekstra godt språkarbeid? Då er det kanskje nettopp din kommune som bør bli årets nynorskkommune 2018.
Aktuelle kommunar og fylkeskommunar søkjer sjølve for å vere med i konkurransen. Prisen er på 100 000 kroner. Vinnaren blir ein nynorskkommune eller -fylkeskommune som tar særleg godt vare på den nynorske målforma. Kommunar som har søkt tidlegare, er velkomne til å gjere det igjen. Det er Kulturdepartementet som deler ut prisen.
– Nynorsken er under press, og i desse tider med både kommune- og fylkessamanslåingar er det ekstra viktig at nynorskkommunane gjer godt og medvite arbeid for denne målforma. I år vil vi derfor særskilt oppmode kommunar eller fylkeskommunar som skal slå seg saman, om å søkje om å få prisen, seier Margrethe Kvarenes, seksjonssjef i Språkrådet.
Juryen vil prioritere kommunar eller fylkeskommunar som
- gjer eller har gjort godt og medvite arbeid med nynorsk i samband med kommunesamanslåingar
- bruker og synleggjer nynorsk i kommunale planar
- nyttar nynorsk aktivt i kommunikasjonsarbeid, til dømes på nettstaden til kommunen/fylkeskommunen, i digitale tenester, i skriftleg informasjon til innbyggjarane eller i marknadsføring av kommunen/fylkeskommunen
- har utarbeidd eigne retningslinjer for nynorskbruk
- har sett i verk tiltak som fremjar bruk av nynorsk i kommunale og interkommunale føretak
- gir opplæring i god målbruk for tilsette i kommunen
- tilbyr opplæring for innvandrarar og flyktningar på nynorsk
- driv aktiv marknadsføring av nynorsk i kulturarbeid og kulturarrangement
- gjer ein innsats for nynorsk i barnehage og barneskule
- har fått på plass tiltak som utvidar eller fremjar bruken av nynorsk på nye område
– Vi vil heidre nynorskkommunar som bruker og synleggjer målforma både i skular og barnehagar, i norskopplæringa for innvandrarar og i marknadsføringa av kommunen, seier Kvarenes, som leier juryarbeidet på vegner av Kulturdepartementet.
I juryen sit også representantar for Nynorsk kultursentrum, Landssamanslutninga av nynorskkommunar, Noregs Mållag og KS. Merk søknaden «Årets nynorskkommune» og send han til post@sprakradet.no eller
Språkrådet
Postboks 1573 Vika
0118 Oslo
Søknadsfristen er 1. november 2018.
Kontakt
kommunikasjonssjef Anne Kirkhusmo, tlf. 416 74 135
seksjonssjef Margrethe Kvarenes, tlf. 948 94 789