Barn og medium. Historieforteljing og medverknad på ulike plattformer

No image

(21.8.18) Barn og unge er aktive mediebrukarar og flytter seg mellom ulike plattformer. Det digitale innhaldet er visuelt, verbalt og interaktivt, og det er ofte på engelsk. Kva inneber dette for kunstnarar og utviklarar? Kva for konsekvensar har det for språkbruken? Og kva burde det ha å seie for kulturpolitikken?

Språkrådet og Norsk barnebokinstitutt inviterer til heildagsseminar torsdag 13. september.

Vi spør:

  • Kva medieplattformer held barn og unge til på i 2018?
  • Kva for moglegheiter finst for aktørar som vil formidle gode historier til barn og unge?
  • Kva skal til for å skape attraktive produksjonar på eit høgt kunstnarisk nivå?
  • Korleis kan ein skape godt innhald på norsk og samisk og teiknspråk?
  • Kva for kulturpolitikk bør Noreg føre på området barn og medium?

Møt Nils Petter Strømmen, Kantar Media, Stian Presthus, NRK Super, Hanne Lien, Westerdals, Kaja Hench Dyrlie, Norsk filminstitutt, Ida Eva Neverdal og Ola Lysgaard, kunstnarar, Margrete Rasmussen, Bergen offentlege bibliotek, Arne Vestbø, Kulturrådet, Tinka Town, Ravn Studio, Torbjørn Urfjell, Virke Produsentforeningen, Birgit Christensen, Cappelen Damm, Fredrik Rysjedal, kunstnar og stipendiat ved UiB, og Trude Hoel, Lesesenteret.

Praktisk informasjon:

Tid: torsdag 13. september kl. 09.30–16.00
Stad: Nasjonalbibliotekets auditorium, Henrik Ibsens gate 110, Oslo (sjå kart)

Påmelding: Seminaret er gratis. På grunn av lunsjservering og avgrensa tal plassar er det bindande påmelding innan 6. september.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:21.08.2018 | Oppdatert:21.08.2018