Sveio er kåra til årets nynorskkommune 2017

No image

(27.11.17) Kulturdepartementet heidrar Sveio kommune i Hordaland for det særskilde språklege medvitet kommunen syner. Kommunen arbeider systematisk og grundig for å halde nynorsken levande i ein region der målforma er under press.

Sveio kommune har sett kor viktig det er å begynne med nynorskopplæring for barn og unge så tidleg som råd. Difor lever målforma i beste velgåande i dei kommunale barnehagane, og biblioteka er fulle av god barne- og ungdomslitteratur på nynorsk. Kommunen har òg arrangert nynorskkurs for småbarnsforeldre, ein nyskapande idé som har fått mykje merksemd.

 – Det trengst friske tiltak for å stø opp om nynorsken i pressområda i landet vårt, og Sveio er eit prakteksempel på at målretta arbeid nyttar. Sveio skal ha ros for innsatsen kommunen gjer for å skape trygge nynorskbrukarar, både blant barn og vaksne, seier Kristin Solbjør, seksjonssjef i Språkrådet, som leiar juryarbeidet på vegner av Kulturdepartementet.

I Sveio er all offentleg informasjon på nynorsk, og språklege målsetjingar er på plass i planverk og strategidokument. Frå og med 2018 vil òg opplæringstilbodet til innvandrarar og flyktningar i Sveio vere på nynorsk. Juryen vil heidre Sveio for innsatsen kommunen gjer for å inkludere nye innbyggjarar i den lokale språklege fellesskapen.

Kulturdepartementet deler ut prisen

Statssekretær i Kulturdepartementet Bård Folke Fredriksen deler ut prisen til Sveio kommune i eit ope arrangement i Målstua i Nasjonalbiblioteket i Oslo, fredag 1. desember 2017 klokka 13. Det blir enkel servering og musikalsk innslag av Solveig Slettahjell.

 

Kontakt

kommunikasjonssjef Anne Kirkhusmo, tlf. 416 74 135
seksjonssjef 
Kristin Solbjør, tlf. 977 69 814

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:27.11.2017 | Oppdatert:27.11.2017