No er det rett å skrive «gusjegul» og «gaselle»
(19.6.17) Språkrådet har nyleg gjort fleire rettskrivingsvedtak. To av endringane er at det nå skal heite gusjegul og gaselle, medan det før heitte gursegul og gasell.
Språkrådet fastset kva som er gjeldande rettskriving. Det kan vere vedtak om skrivemåte og bøying av nye ord som kjem inn i språket, eller vedtak om endringar i skrivemåte og bøying av ord som har normert form frå før.
– Målet vårt med rettskrivingsarbeidet er at det skal vere enkelt for språkbrukarane å skrive norsk korrekt. Vi observerer språket i bruk og gjer vedtak om rettskriving for enkeltord der det trengst, seier Åse Wetås, direktør i Språkrådet.
Nytt er det òg at fleire nye grunnstoff har fått vedtekne skrivemåtar i norsk. Det skjer etter initiativ frå kjemikarar.
– Språkrådet er svært glade for at eit fagmiljø har teke initiativ til å fastsetje skrivemåtar. Det er praktisk viktig, samtidig som det styrkjer posisjonen til norsk språk, særleg på fagfelt der engelsk er mykje i bruk, seier Wetås.
Her er lista over alle normeringsvedtaka:
Før: | Endring: | No bokmål: | No nynorsk: |
---|---|---|---|
mormon |
Mormoner (bokmål) og mormonar (nynorsk) blir alternativ form i eintal |
mormon eller mormoner | mormon eller mormonar |
gasell (m.) | gaselle blir eineform og kjønnet blir endra/justert | gaselle (m./f.) | gaselle (f.) |
unormert | fastsett skrivemåte | makak | makak |
unormert | fastsett skrivemåte | postdoktor eller postdok | postdoktor eller postdok |
unormert | fastsett skrivemåte av grunnstoffa frå 103 til 118 | lawrencium | lawrencium |
rutherfordium | rutherfordium | ||
dubnium | dubnium | ||
seaborgium | seaborgium | ||
bohrium | bohrium | ||
hassium | hassium | ||
meitnerium | meitnerium | ||
darmstadtium | darmstadtium | ||
røntgenium | røntgenium | ||
copernicium | copernicium | ||
nihonium | nihonium | ||
flerovium | flerovium | ||
moscovium | moscovium | ||
livermorium | livermorium | ||
tenness | tenness | ||
oganesson | oganesson | ||
gurse-, t.d. gursegul i bokmål, uklar rettskrivingsstatus i nynorsk | gusje- blir eineform | gusje-, t.d. gusjegul | gusje-, t.d. gusjegul |
unormert | fastsett skrivemåte | kvilt, kvilte og kvilting eller quilt, quilte og quilting | kvilt, kvilte og kvilting eller quilt, quilte og quilting |
I tillegg er det gjort justeringar i attgjevinga av bokstavar (transkripsjon) frå fleire europeiske språk som brukar det kyrilliske alfabetet.
Kontakt
kommunikasjonssjef Anne Kirkhusmo, tlf. 416 74 135
direktør i Språkrådet Åse Wetås, tlf. 915 84 933