Klarspråksprisen 2017

No image

(4.10.2017) No kan du nominere kandidatar til klarspråksprisane for 2017! Fristen for å nominere kandidatar er 1. november.

Klarspråksprisen for staten har vore delt ut sidan 2009. Frå 2016 har også kommunar og fylkeskommunar fått ein eigen pris. I tillegg til desse to hovudprisane deler vi ut ein temapris for klart språk i informasjon om helse- og omsorgstenester. Vi vil også gjere stas på «årets trekkhund», altså ein person som har gjort ein særskild innsats i klarspråksarbeidet.

Det betyr at vi i år deler ut desse prisane:

  • klarspråksprisen for staten
  • klarspråksprisen for kommunar og fylkeskommunar
  • temaprisen «Klart språk i informasjon om helse- og omsorgstenester»
  • utmerkinga «Årets trekkhund»

Fristen for å nominere kandidatar er 1. november 2017.

Les meir om klarspråksprisane her.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:04.10.2017 | Oppdatert:15.11.2017