Time kåra til Årets nynorskkommune 2016

(14.11.16) Kulturdepartementet heidrar Time kommune i Rogaland som årets språksterkaste nynorskkommune. – Vinnaren har ei haldning til språk som både imponerer og inspirerer, seier juryleiar Kristin Solbjør.

Av dei 428 kommunane i Noreg er det 113 som har nynorsk som administrasjonsspråk. Time kommune er ein nynorskkommune i ein region der nynorsken er under press.

– Kommunen tar vare på den språkkulturelle arven sin og gjer arven aktuell. Me vil heidre Time for å vere ein føregangskommune og ei inspirasjonskjelde for alle som arbeider for nynorsken som eit godt og levande kultur- og bruksspråk, seier Kristin Solbjør, seksjonssjef i Språkrådet, som leiar juryarbeidet på vegner av Kulturdepartementet.

Kulturministeren deler ut prisen

Time får ros for det systematiske språkarbeidet i kommunen, der god nynorskbruk blir kombinert med ei satsing på klart og forståeleg språk. Medvit om språk er blitt ein naturleg del av den kommunale kvardagen i Time, til glede for innbyggjarane.

Årets vinnarkommune ser også kor viktig det er med eit godt nynorsk språk gjennom heile opplæringsløpet. Denne satsinga på dei aller minste er ei god investering i framtida til nynorsken.

Kulturminister Linda Hofstad Helleland deler ut prisen til Time kommune på eit arrangement i Det norske teatret 21. november.

 


Kontakt i Språkrådet kommunikasjonssjef Anne Kirkhusmo, tlf. 416 74 135 seksjonssjef Kristin Solbjør, tlf. 977 69 814

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:14.11.2016 | Oppdatert:14.11.2016