Ledig stilling i Språkrådet

(29.5.15) Språkrådet har ei ledig stilling i 80 % som sekretær i kvensk stadnamnteneste og rådgjevar i kvensk. Hovudoppgåva er å skaffa fram grunnlagsmateriale for dei tilrådingane som namnekonsulenten skal gje for kvenske stadnamn.

Namnesekretæren skal vidare informera om lov om stadnamn (stadnamnlova), og vera kontaktperson mellom brukarane og stadnamntenesta. Til denne stillinga er det òg knytt arbeid med dokumentasjon av kvensk.

Søkjaren må ha utdanning frå universitet eller høgskole, helst på masternivå, og må ha fagkompetanse i kvensk og finsk. Det er ønskjeleg med røynsle frå arbeid med stadnamn og språkleg dokumentasjon. Arbeidsspråket i namnetilrådingane er norsk, og søkjaren må difor meistra norsk godt.

Stillinga er plassert i kode 1434 rådgjevar, 379 600–415 040 kroner i året (lønnstrinn 56–61). Det kan vurderast å tilsetja som seniorrådgjevar i stillingskode 1364, 423 040–482 240 kroner i året (lønnstrinn 62–69).

Staten legg vekt på mangfald. Alle kan søkja stillinga utan omsyn til kjønn, alder, funksjonshemming eller kulturell bakgrunn.

Nærmare opplysningar om stillinga får du av seksjonssjef Daniel Gusfre Ims, tlf. 22 54 19 56 / 957 65 152, eller rådgjevar Ingvil Nordland, telefon 938 32 083.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:29.05.2015 | Oppdatert:28.08.2015