Støtte til terminologiarbeid i universitets- og høgskolesektoren

(27.10.14) Språkrådet lyser ut midlar til terminologiarbeid i universitets- og høgskolesektoren (UoH-sektoren). Fagmiljø/fagpersonar i sektoren kan søkje om økonomisk støtte til å samle inn, registrere og gjere terminologi tilgjengeleg på fagfeltet sitt.

Utlysinga gjeld toårige prosjekt som ønskjer å starte opp i 2015, og som vil vare ut 2016.

Kven kan søkje?

Prosjektgruppa må vere samansett av fagfolk i UoH-sektoren. Det er ein føremon at prosjektet er forankra i eit av dei nasjonale fagråda eller profesjonsråda i Universitets- og høgskolerådet (UHR), men det er ikkje eit absolutt krav.

Prosjektgruppa kan også ha fagfolk frå tilstøytande sektorar, t.d. instituttsektoren, men prosjektleiaren og fleirtalet av prosjektmedlemmane må tilhøyre UoH-sektoren.

Søknadsfrist

måndag 1. desember 2014

Former for støtte

Prosjekt kan få inntil 100 000 kroner for 2015 og inntil 100 000 kroner for 2016.

Prosjektet kan nytte støtta til reise- og opphaldsutgifter i samband med arbeidsmøte i gruppa. Prosjektet kan også nytte støtta til lønsmidlar til ein mastergradsstudent eller andre som samlar inn fagtermar og definisjonar til arbeidsmøta. Vedkomande kan også få løn for å registrere terminologien i ein termbase, t.d. Språkrådets termwiki.

Prosjektet stiller også med ein terminologisk rådgjevar frå Språkrådet som vert medlem av prosjektgruppa. Rådgjevaren kan gje språkhjelp til gruppa, t.d. i samband med fagtermar og definisjonar på begge målformer. Vi rår også prosjektet til å halde eit oppstartsmøte med m.a. eit innføringskurs i terminologi på to timar. Rådgjevaren frå Språkrådet kan halde kurset.

Metodetilbod

Språkrådet har i samarbeid med kjemikarar ved Universitetet i Bergen og Universitetet i Oslo gjennomført eit prosjekt der vi har prøvt ut ein framgangsmåte for terminologiarbeid i sektoren. Erfaringane kan vere nyttige for andre som vil gjennomføre terminologiprosjekt, og vi oppmodar søkjarar til å lese meir om erfaringane frå prosjektet.

Bakgrunn

I universitets- og høgskolelova heiter det i §1­–7 at «[u]niversiteter og høyskoler har ansvar for vedlikehold og videreutvikling av norsk fagspråk». Samstundes arbeider Språkrådet med å styrkje statusen til norsk språk i sektoren. Norskspråkleg terminologi er ein føresetnad for aktiv bruk av norsk i forsking, undervising og formidling ved høgskolar og universitet i Noreg. Arbeid med å utvikle termlister er difor eit viktig bidrag til at lovparagrafen kan verkeleggjerast og fyllast med konkret innhald.

Prioritering av søknadar

  • prosjekt der namna på medlemmane av prosjektgruppa er fastsette
  • prosjekt med medlemmar frå fleire universitet og høgskolar
  • prosjekt som vil arbeide med eit fagfelt innanfor humaniora eller samfunnsvitskapane

Vilkår

Resultatet av arbeidet må gjerast ålment tilgjengeleg utan at det kan knytast eksklusive kommersielle rettar til det.

Prosjektet må registrere fagtermar på begge målformene og engelsk. Den eine halvparten av definisjonane må vere på bokmål, den andre på nynorsk.

Søknadsskjema

Her finn du søknadsskjema på bokmål og nynorsk.

Rapporteringskrav

Prosjektet som mottek støtte, må rapportere korleis dei har nytta støtta. Ein kort rapport må sendast til term@sprakradet.no når prosjektet er avslutta, seinast 5. desember 2016. Rapporteringsmalen finn du på bokmål og nynorsk [Word].

 

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:27.10.2014 | Oppdatert:11.12.2014