Nytt Statsspråk: Har du kontroll?

(18.12.13) Kva for hjelpemiddel kan du bruke for å unngå språklege feil og feller når du skriv? Desemberutgåva av Statsspråk viser veg. Og visste du at ord som søknad og opptak kom inn i bokmål frå nynorsk?

I Statsspråk nr. 4/2013 får du endeleg vite kvifor stavekontrollen ikkje duger som tekstkontroll. Du får òg tips og råd om kor du skal slå opp når du er i tvil om kva som er rett å skrive på nynorsk og bokmål.

I tillegg får du vite noko ikkje alle veit, nemleg at mange ord i forvaltningsspråket har nynorsk opphav, og at den første lova på nynorsk var normaltidlova frå 1894, som galdt heilt til 2007. 

Ikkje nok med det: Heilt på tampen av året gir vi deg oppskrifta på ei feilfri nyttårshelsing.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:18.12.2013 | Oppdatert:13.04.2021