– Terminologiarbeid er avgjerande for å utvikle norsk fagspråk

(8.5.12) Dette seier Cecilie Ovrum i Utanriksdepartementet i det nye nummeret av Statsspråk. Ho har hovudansvar for EØS-EU-basen, som er ei av dei største elektroniske termsamlingane i Noreg. Her kan ein finna norske omsetjingar og definisjonar av nesten 150 000 termar frå mange fagområde.

Denne artikkelen er frå før 2013. Innhald og rettskriving kan vere forelda.

I Statsspråk 2/2012 får du også vite kva terminologi er, og kva terminologitenesta i Språkrådet kan hjelpe deg med.

Statsspråk er eit blad for godt språk i staten. Bladet er laga med tanke på statstilsette, men også andre kan finne gode råd om praktisk språkbruk.

Bladet kjem med fire nummer i året.

Illustrasjon: ZargonDesign / iStockphoto

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:08.05.2012 | Oppdatert:19.11.2021