Språkrådet støttar ny nynorskrettskriving

(20.5.11) Styret i Språkrådet går samrøystes inn for at framlegget til ny offisiell nynorskrettskriving frå rettskrivingsnemnda blir innført.

Denne artikkelen er frå før 2013. Innhald og rettskriving kan vere forelda.

«Språkrådet sluttar seg på alle punkt til innstillinga frå rettskrivingsnemnda og rår til at Kulturdepartementet godkjenner framlegget til ny rettskriving for nynorsk med verknad frå 1. august 2012», heiter det i vedtaket frå styret i dag.

– 2012-normalen vil gjere det lettare å skrive rett, både for den røynde språkbrukaren og for den som er språkleg usikker. Rettskrivinga blir enklare, på mange punkt tydelegare, men ikkje så mykje strammare. Som det verbale språket nynorsk er, har det særleg mykje å seie at det no blir lettare å bøye verba rett, seier styreleiar Ottar Grepstad.

Rydding og forenkling
Rettskrivingsnemnda for nynorsk kom i april med framlegg til ny rettskriving.

– Nemnda har først og fremst rydda og forenkla. Det gamle systemet med hovudformer og sideformer fell bort. Med denne reforma blir nynorsk normert på eigen grunn, utan omsyn til bokmål. Krafta og soliditeten i arbeidet til nemnda imponerer. Framlegget har fagleg tyngd og brei politisk legitimitet. Inga rettskrivingsreform i Noreg har vore betre fundert, seier Grepstad.

Prosess med brei deltaking
Svært mange har vore involverte i det arbeidet som rettskrivingsnemnda tok fatt på i januar 2010. Stikkord er 38 møte med institusjonar, verksemder og organisasjonar, 502 bloggbidrag og e-postar, eit høyringsmøte med 79 deltakarar og 300 som følgde med direkte på nett-tv, og 78 svar til høyringsutkastet nemnda la fram i februar.

– Det er all grunn til å takke dei mange hundre som har engasjert seg i arbeidet, seier Grepstad, som kallar den nye rettskrivinga eit historisk kompromiss.

– Både i styret og normeringsfagrådet i Språkrådet, i nemnda og blant brukarane er det delte meiningar om enkelttiltak. Likevel er nynorskbrukarane nærmare ei viss semje i rettskrivingsspørsmålet enn nokon gong. Dei sentrale nynorskinstitusjonane som har uttalt seg, støttar hovudtrekka i framlegget, ingen av dei har gått prinsipielt imot. Med samrøystes vedtak i både rettskrivingsnemnd, fagråd og styre får kulturministeren no eit eintydig råd, seier Grepstad.

Han oppmodar dei ulike miljøa av nynorskbrukarar til å slutte opp om vedtaket og skape entusiasme om det å skrive og bruke nynorsk. – No må det inderlege engasjementet som har kome til uttrykk gjennom debatt og høyringsfråsegner, omsetjast til meir målretta språkpolitisk arbeid som fremjar bruken av nynorsk, seier Ottar Grepstad.

Tilrådd norm
2012-normalen vil romme all korrekt nynorsk, med valfrie former. Som eit tillegg til denne går styret med seks mot to røyster inn for at Språkrådet lagar ei tilrådd for norm for nynorsk. Med ei slik norm brukar ein berre éin skrivemåte av alle ord som har valfrie skrivemåtar i den offisielle rettskrivinga.

Den tilrådde norma «blir eit tilbod som ikkje er obligatorisk å bruke for nokon, men kan gjere det lettare for mange privatpersonar å skrive regelrett og stilsikkert», heiter det i vedtaket.

– Dette skal ikkje gå ut over den individuelle valfridomen eller den regionale krafta i nynorsk, men gi ein ferdig pakke og eit trygt kvalitetstilbod for alle dei som ønskjer eller treng det, seier Grepstad.


Kontakt:
Styreleiar Ottar Grepstad, tlf. 906 16 727
Informasjonssjef Svein Arne Orvik, tlf. 938 06 923


Sist oppdatert: 26. mai 2011

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:20.05.2011 | Oppdatert:19.11.2021