Nytt nummer av Språknytt

(5.10.10) I Språknytt nr. 3 kan du lese eit intervju med Sylfest Lomheim, som gjekk av som direktør i Språkrådet 1. september. Den første artikkelen i bladet gjer greie for moderniseringa av grensesnittet i nettutgåvene av Bokmålsordoka og Nynorskordboka, og den andre handlar om at Statoil likevel vil bruke norsk i kontakt med underleverandørar i Noreg.

Denne artikkelen er frå før 2013. Innhald og rettskriving kan vere forelda.

Vidare kan du lese om ei 6.-klasse i Telemark som skulle velje nysgjerrigperprosjekt, og bestemte seg for å sjå nærmare på språket i norskbøkene sine.

To artiklar varmar opp til Språkdagen 2010. I år er det Språkrådets fagråd for terminologi og fagspråk som er ansvarleg for programmet, så den eine artikkelen handlar om medisinsk fagspråk og den andre om eit stort terminologiprosjekt som Standard Norge arbeider med. Elles finn du ein artikkel om kva omsetjarar kan komme ut for når dei omset teikneseriar til norsk frå engelsk og andre språk, og ein om uttalen av tostava etternamn som endar på -er, t.d. Lier og Møller. Ein artikkel tek for seg bakgrunnen for ordet agurktid, og den siste gjer greie for stoda for minoritetsspråka i Spania og Latin-Amerika. Historia bak handlar denne gongen om namna Olga og Oleg, som kanskje ikkje er russiske likevel.

Som vanleg har bladet dei faste spaltene Lesarspørsmål, Nyord, Med andre ord, Klipp, Språkbrukaren og notisar.

 

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:04.10.2010 | Oppdatert:19.11.2021